Hopp til innhald

Karak guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karak
الكرك
guvernement
Land  Jordan
Byar Mu'tah
Høgd 1 000 moh.
Hovudstad Al Karak
Areal 3 217 km²
Folketal 316 629 (2015)[1]
Retningsnummer +(962)3
Kart
Karak guvernement
31°09′53″N 35°45′43″E / 31.164722°N 35.761944°E / 31.164722; 35.761944
Karak guvernement i Jordan.
Karak guvernement i Jordan.
Karak guvernement i Jordan.
Wikimedia Commons: Karak Governorate

Karak (arabisk محافظة الكرك) er eit guvernement i Jordan, sørvest for Amman, hovudstaden i Jordan. Det administrative senteret er Al Karak. Det grensar til Madaba og Amman guvernement i nord, Ma'an guvernement i aust, Tafilah guvernement i sør og Daudehavet i vest.

Kerak krossfararborg i Al Karak er ei av dei største borgene i Levanten.

Området som Karak guvernement dekkjer var ein gong ein del av Kongedømet Moab, i det første tusenåret fvt. Ein trur hovudstaden deira låg nær byen Al Karak, som vart kalla Qir av Moab.

Ei kort stund var området til Karak guvernement under persisk styre, før nabatearane tok kontroll over det fram til romarane invaderte Levanten og okkuperte hovudstaden deira Petra. Etter at bysantinarane fekk kontroll over området, oppretta dei ein vasallstat styart av ghassanidane. Byen Mu'tah var åstad for det første slaget mellom dei muslimske arabarane og Austromarriket i slaget ved Mu'tah i 629.

krossfararane kom hit, vart fyrstedømet Kerak grunnlagd, som vart eit senter for kampane mellom ajjubidane og krossfararane.

Karak guvernement ligg langs søraustkysten av Daudehavet og fjellkjeda kjend som Moabfjella. Wadi Mujib vart i Bibelen kalla Arnonelva og flyt gjennom fjella i Karak guvernement og ut i Daudehavet. Byane i guvernement ligg i høgder som varierer frå over 1000 meter over havet i sør, til 800 meter over havet i nord, til kring 350 meter under havnivå i Gour Al Safi nahiya.

I 2004 hadde Karak guvernement 204 185 innbyggjarar, som er 4 % av folketalet i Jordan. Det estimerte folketalet i 2010 er kring 239 000.[2][3]

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Karak guvernement er delt inn i 10 nahiyaer:

Nahiyaer i Karak guvernement etter folketal (2004)

Karak nahiya

Karak nahiya

Sauth Mazar nahiya Sør-Mazar nahiya

South Aghwar nahiya SørAghwar nahiya

Qaser nahiya Qasr nahiya

Gour Al-Mazra'a nahiya Gour Al-Mazra'a nahiya

Nahiya Arabisk namn Areal Folketal [4] Adm. senter

Faqou' nahiya Faqou' nahiya

Aii nahiya Aii nahiya

Moab nahiya Moab nahiya

Qatraneh nahiya Qatraneh nahiya

Moujeb nahiya Moujeb nahiya

1Al-Qasabah nahiyaلواء قصبة الكركomfattar byen Al Karak og 35 andre byar og landsbyar64 850Al Karak
2Sør-Mazar nahiyaلواء المزار الجنوبيomfattar 30 byar og landsbyar57 191Mu'tah
3Sør-Aghwar nahiyaلواء الاغوار الجنوبيةomfattar seven byar og landsbyar32 446Safi
4Al-Qasr nahiyaلواء القصرomfattar ni byar og landsbyar20 860Rabba
5Gour Al-Mazra'a nahiyaقضاء غور المزرعةomfattar seks byar og landsbyar12 743Gour Al-Mazra'a
6Faqou' nahiyaلواء فقوعomfattar seks byar og landsbyar12 178Faqou'
7Aii nahiyaلواء عيomfattar fire byar og landsbyar9 711Aii
8Moab nahiyaقضاء مؤابomfattar fem byar og landsbyar9 692Husseiniya
9Qatraneh nahiyaلواء القطرانةomfattar fire byar og landsbyar6 949Qatraneh
10Moujeb nahiyaقضاء الموجبomfattar fem byar og landsbyar5 818Mugheer
Kjelde: وزارة الداخلية - الأردن Jordansk innanriksdepartement

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Karak guvernement