Albert Jacobsen
| Albert Jacobsen | |||
| Fødd | 22. august 1838 Kristiansund kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 17. oktober 1909 (71 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Venstre | ||
| Yrke | politikar, offiser, revisor | ||
| Barn | Rolf Jacobsen | ||
| Alle verv |
| ||
Albert Marius Jacobsen (22. august 1838–17. oktober 1909) var ein norsk offiser og politikar for Venstre. Han var far til statsråd Rolf Jacobsen.
Jacobsen var fødd i Kristiansund, far hans var distriktslege. Sjølv vart han student i 1855, kadett to år seinare. Utnemnd 1861 til sekondløytnant i 1. brigade, premierløytnant 1877 og kaptein 1877. 1867-77 var han elles lærar og til sist styrar av borgarskulen på Kongsvinger. Frå 1868 til -75 redigerte han Hedemarkens Amtstidende.
Han tok avskjed frå det militære i 1880, fordi han vart nekta å bu i Christiania for å kunne delta i militærkomiteen sine møte mellom sesjonen 1880-81. Han vart i 1881 vald til statsrevisor, ei stilling han hadde til 1888. Krigskommissær for Kristiansands distrikt, busett i Larvik frå 1888. I 1897 fekk han tilsvarande stilling i Tromsø stift.
Jacobsen var 1878 medlem av intendanturkommisjonen, sidan av kommisjonen om vernepliktslova og omorganiseringa av hæren 1884-87.
Jacobsen var stortingsmann frå 1877, som representant for Hedemarkens Amt. Han vart attvald i 1880 og 1883, samt vald for Buskerud Amt i 1886. Frå 1884 representerte han Venstre. På alle Storting var han medlem av militærkomiteen, formann frå 1882. Han var også medlem av traktatkomiteen 1882-83 og av valkomiteen 1883-88.
Jacobsen døydde i Bodø i 1909.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Albert Jacobsen ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør