Albumet ( )

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
( )
av Sigur Rós
Land Island
Språk Vonlenska
Utgjeve 28. oktober 2002
Sjanger post rock, kunstrock, ambient
Lengd 71:46
Selskap Fat Cat/Bad Taste
Produsent Sigur Rós, Ken Thomas
Kritikk
Sigur Rós-kronologi
Ágætis byrjun ( ) Takk...
Singlar frå ( )
  1. «Vaka»
    Utgjeve: 12. mai 2003

( ) er det tredje studioalbumet åt det islandske post rock-bandet Sigur Rós. Albumet innheld åtte spor, alle utan namn. Ein kan dele albumet inn i to halvdelar med fire songar i kvar halvdel. Dei to halvdelane er skilde av 36 sekund stille. Alle tekstane er sungne på språket vonlenska, der orda ikkje har noka tyding.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Graffiti i Reykjavik inspirert av albumet.
Songaren Jónsi framfører alle songane på vonlenska.
Georg Hólm under ei framføring av «Untitled #8» i 2008.

Albumtittelen er samansett av to parentesar som anten representerer dei to halvdelane av albumet eller at albumet ikkje har nokon tittel slik at lyttaren sjølv kan finne seg ein.[11] Bandmedlemer har kalla ( ) for Svigaplatan, på norsk «Klamme-/parentesalbumet».[12] I rulleteksten åt filmen Heima er det kalla The Untitled Album (Albumet utan namn).[13] Det finst fire versjonar av omslagskunsten, som består av modifiserte fotografi av naturen ved Mosfellsbær-studioet åt bandet. Dei er selde i fire ulike område: Europa, USA, Australia og Japan. På Island vert alle fire omslagsdesign selde.

Ken Thomas, som òg arbeidde på det førre albumet åt bandet, var teknikar og medprodusent på ( ). ( ) er det fyrste albumet Sigur Rós spela inn i lydstudioet sitt i Álafoss i Mosfellsbær, ein liten by utanfor Reykjavík. Bandet kallar studioet «sundlaugin» eller «bassenget». Strykekvartetten Amiina spelar på albumet. ( ) fekk meir tid til innspeling og produksjon enn det førre albumet, Ágætis byrjun. Likevel meiner vokalist Jón Þór Birgisson (Jónsi) at ( ) er «mindre polert» enn forgjengaren sin. Strykarane på Ágætis byrjun vart spela inn på berre to dagar — på ( ) hadde dei to veker. Amiina trengte mykje mindre førebuing enn det islandske symfoniorkesteret som spela på Ágætis Byrjun. I fylgje Jónsi lét bandet dei jamme i studioet til alle var fornøgde.[11]

Musikk og tekstar[endre | endre wikiteksten]

( ) består av åtte spor delt i to av 36 sekund stille, som liknar skiljet mellom dei to sidene av ei vinylplate.[11][6] Den fyrste halvdelen av albumet er musikalsk lystig og optimistisk, med meir vekt på tangentar enn gitar og sampling av stemma åt Jónsi. Den andre halvdelen er meir melankolisk og spelar i fylgje Jónsi med kjenslene åt lyttaren. Ingen av spora på ( ) har titlar. Gitarist og keyboardist Kjartan Sveinson sa at dei ikkje ville bruke titlar på albumet berre fordi det er noko ein «skal». Sjølv om songane ikkje har nokon offisiell tittel, har kvart spor ein uoffisiell tittel som er brukt av bandet.[11]

Jónsi song tekstane i ( ) på «vonlenska» («Hopelandic»), eit påfunne språk som består av ord og stavingar utan meining. Jónsi bruker normalt vonlenska på songar som enno ikkje har tekst, sjølv om nokre spor på albuma Von og Takk... er sungne på språket. Namnet kjem frå «Von», den niande songen på albumet Von. Det er den fyrste gongen språket vert brukt av bandet.[14] Vonlenska på ( ) består av ei setning som er elleve stavingar lang: «You xylo. You xylo no fi lo. You so.» og ulike variasjonar av ho.[6] Bandet hadde spela songane på ( ) live i to år før albumet kom ut.[11] Difor ville ikkje bandet gjeva songane ekte tekst. Trommeslagaren Orri Páll Dýrason sa at songane allereie var ferdige og det ville vore rart å plutseleg setja inn tekstar i desse ferdige produkta.[15]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Pitchfork Media plasserte ( ) på 29. plass på ei liste over dei 50 beste albuma frå 2002,[16] og på 135. plass på ei liste over dei 200 beste albuma frå 2000-talet.[17] Albumet nådde 51. plass på Billboard 200.[18] Ein musikkvideo for «Untitled #1» («Vaka») regissert av Floria Sigismondi vart gjeven ut i april 2003. Videoen viser ei dystopisk framtid der skuleborn med gassmasker leikar i svart snø under ein raud himmel.[19] Videoen vann «beste video» på MTV Europe Music Awards i Edinburgh.[20]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Metacritic har ( ) poengsummen 82/100 basert på 20 meldingar,[21] som gjer han til ein dei 30 høgstskårande albuma i 2002 .[22]

I media[endre | endre wikiteksten]

Eit utdrag frå «Untitled #8» kan høyrast i traileren for Nicole Kidman-filmen The Invasion.[23] «Untitled #7» er brukt i traileren for dataspelet Dead Space frå 2008.[24] «Untitled #4», «Svefn-g-englar», tittelsporet på Ágætis byrjun og ein videobakgrunn som vart brukt i ein Sigur Rós-konsert i Los Angeles vert brukt i filmen Vanilla Sky. Det var den fyrste gongen bandet lisensiert musikken sin for ein film. Jónsi tillét det delvis fordi han tykte at tanken på at Tom Cruise spela med musikken deira i bakgrunnen var «morosam».[25] «Untitled #4» vart spela i den amerikanske TV-serien Queer as Folk,[26] og i den canadiske TV-serien Orphan Black.[27] «Untitled #3», under det alternative namnet «Samskeyti», vart brukt i rulleteksten åt filmen Mysterious Skin regissert av Gregg Araki,[28] i ei episode av det andre sesongen av den britiske serien Skins[29] og i filmen The Boys Are Back frå 2009. Fleire ulike spor frå ( ) vart brukte i det amerikanske krimdramaet CSI: Miami.[30] Vaka vart mykje brukt i den norske filmen Kongen av Bastøy frå 2010. I den danske filmen Efter brylluppet, som var nominert til ein Academy Award i 2006, vert «Untitled #1» («Vaka») brukt som bakgrunnsmusikk under begravinga av ein viktig person.[31]

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Ingen av songane har noko offisielt namn, men har alternative namn som bandet bruker.[32] Alle songar er skrivne av Sigur Rós.

Nr. Songtittel Tydinga åt det alternative namnet Lengd
Untitled («Vaka») Dottera åt Orri heiter Vaka 6:38
Untitled («Fyrsta») «Den fyrste» eller «den fyrste songen» 7:33
Untitled («Samskeyti») «Søm» 6:33
Untitled («Njósnavélin») Njósnavélin tyder «spionmaskina» men er kjend som «The Nothing Song» («Ingentingsongen») 7:33
Untitled («Álafoss») Studioet åt bandet ligg ved Álafoss 9:57
Untitled («E-Bow») Georg Hólm bruker ein EBow i denne songen 8:48
Untitled («Dauðalagið») «Dødssongen» 13:00
Untitled («Popplagið») «Popsongen» 11:44

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kellman, Andy. (Untitled) – Sigur Rós. AllMusic. Henta 26. november 2009
  2. Sigur Rós: ( ). Alternative Press (desember 2002, side 97).
  3. ( ). Entertainment Weekly (1. november 2002, side 70).
  4. Sigur Ros, in a language all its own.... Los Angeles Times (27. oktober 2002). Henta 27. oktober 2015
  5. Dolton, Stephen. Sigur Ros : ( ). NME. Henta 27. oktober 2015
  6. 6,0 6,1 6,2 Ott, Chris (3. desember 2002). Sigur Rós: ( ). Pitchfork Media. Henta 26. november 2009 frå ein arkivert versjon (arkivert 30. november 2012)
  7. Sigur Rós: ( ). Q (desember 2002, utgåve 197, side 112).
  8. Edwards, Gavin (22. oktober 2002). Sigur Ros: () : Music Reviews. Rolling Stone. Henta 26. november 2009 frå ein arkivert versjon (arkivert 3. mai 2009)
  9. Pappademas, Alex (desember 2002). Sigur Rós: ( ). Spin utgåve 12 side 140. Henta 27. oktober 2015
  10. Christgau, Robert (22. april 2003). Not Hop, Stomp. The Village Voice (New York). Henta 9. februar 2013 frå ein arkivert versjon (arkivert 9. februar 2013)
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 «sigur rós – discography» ( ) Henta 26. november 2009 frå ein arkivert versjon (arkivert 21. juni 2007)
  12. Kjartan interview Henta 26. november 2006 frå ein arkivert versjon (arkivert 18. oktober 2007)
  13. Dean DeBlois (director) (2007). Heima (Motion picture). 
  14. «sigur rós – frequently asked questions». Eighteen Seconds Before Sunrise. Arkivert frå originalen den 24 August 2012. Henta 26. november 2009. 
  15. «sigur rós – discography » takk...». Eighteen Seconds Before Sunrise. Henta 29 November 2009. orri: "we felt like writing lyrics [for takk]. the reason there were no lyrics on the last album was that we had written these songs years back with jónsi singing gibberish vocals to them the entire time. they were fully formed and it would have been strange to suddenly insert lyrics into these finished products. 
  16. Pitchfork Staff (1 January 2003). «Staff Lists: Top 50 Albums of 2002». Pitchfork Media. Henta 28 November 2009. 
  17. Pitchfork (29 September 2009). «The Top 200 Albums of the 2000s». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen den 10 August 2012. Henta 29 September 2009. 
  18. «((( ( ) > Charts & Awards > Billboard Albums )))». AllMusic. Henta 26 November 2009. 
  19. «FatCat Records : Media». Fat Cat Records. Arkivert frå originalen den 2 August 2012. Henta 26 November 2009. 
  20. Akwagyiram, Alexis (7 November 2003). «World's pop stars descend on Edinburgh for awards». The Guardian. Henta 26 November 2009. 
  21. «() reviews». Metacritic. Henta 26 November 2009. 
  22. «Best Albums of 2002». Metacritic. Henta 28 November 2009. 
  23. «Invasion, The reviews at Metacritic.com». Metacritic. Henta 29 November 2009. 
  24. «Dead Space – Launch (Game Trailer HD)». YouTube. 14. oktober 2008. Henta 29. november 2009. 
  25. «sigur rós – press releases». Eighteen Seconds Before Sunrise. December 2001. Henta 29 November 2009. 
  26. «Soundtracks». Queerasfolk.ca. Henta 29 November 2009. 
  27. «Sigur Rós Featured on Orphan Black with 'Untitled 4'». June 22, 2015. Henta 14 October 2015. 
  28. «Sigur Rós». IMDB. Henta 29 November 2009. 
  29. «Skins – Music guide: series 2, episode 3». E4. Henta 29 November 2009. 
  30. Sigur Ros Music - TuneFind
  31. Efter brylluppet (2006) - Soundtracks - IMDb
  32. sigur rós – discography Henta 26. november 2009 frå ein arkivert versjon (arkivert 21. juni 2007)