Aleksandr Sjustov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksandr Sjustov i 2010

Aleksandr Andrejevitsj Sjustov (russisk: Александр Андреевич Шустов) (fødd 29. juni 1984) er ein russisk friidrettsutøvar frå Karaganda. Han vart europameister i høgdehopp i 2010.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sjustov vann høgdehopp-tevlinga under Sommaruniversiaden 2007 i Bangkok.

Tre år seinare, i juni månad 2010, vann han høgdetevlinga i Europmeisterskapen for lag, avvikla på Fana stadion i Bergen. Vinnarresultatet var såpass ordinært som 2,28 m. To månader seinare sikra han seg gullmedaljen i høgdehopp under friidretts-EM i Barcelona. Han tangerte då sin personlege rekord på 2,33 m.

Vinteren 2011 gjorde Sjustov sitt beste høgdehopp nokon gong, 2,34 m, då han vart nummer tre i øvinga i innandørs-EM i Paris.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]