Aleksandr Zinovjev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksandr Zinovjev
Fødd29. oktober 1922
Kostroma oblast
Død10. mai 2006
Moskva
NasjonalitetSovjet-Russland, Sovjetunionen, Tyskland, Russland
Områdefilosofi, sosiologi, logikk, sosialfilosofi, politisk filosofi
Yrkefilosof, karikaturteiknar, sosiolog, universitetslærar, logikar, skribent, kommentator, satiriker
InstitusjonarStatsuniversitetet i Moskva
Moscow University for the Humanities
Statsuniversitetet i Moskva
Alma materfilosofisk fakultet ved Statsuniversitetet i Moskva
DoktorgradsrettleiarValentin Ferdinandovich Asmus
MedlemAccademia Nazionale dei Lincei
Bayerische Akademie der Schönen Künste
Det finske vitskapsakademiet
Signatur

Aleksandr Aleksandrovitsj Zinovjev (29. oktober 192210. mai 2006) var ein internasjonalt kjend logikar, sosiolog og forfattar frå Russland.

Han var son av ein fattig russisk bonde og utmerkte seg som jagarpilot under den andre verdskrigen og seinare som forskar. Han vart professor og internasjonalt anerkjend innan feltet logikk. Etter dette ofra han frivillig samfunnsstatusen sin i 1970-åra med kritiske utsegner mot det politiske systemet i Sovjetunionen og vart til slutt send i eksil i 1978 for romane sine Gapende høyder (1977, omsett til norsk 1982) og Den lyse fremtid (1978, omsett til norsk 1980). Han heldt fram å utvikle ideane sine om samfunnet og la dei fram i forfattarskapen sin. Han skapte sin eigen originale sjanger, sosiologisk roman.

Han kom tilbake til Russland i 1999 etter 21 år i eksil, men var kontroversiell. Mellom anna støtta han Slobodan Milošević og såg på Josef Stalin som eit av dei største menneska i historia.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Независимая Газета http://www.peoples.ru/art/literature/prose/roman/alexander_zinoviev/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]