Politisk filosofi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Politisk filosofi eller politisk teori er ei grein av filosofien som tek for seg problem og førestillingar knytt til menneska sine samfunn. Filosofien tek særleg for seg statsomgrepet og teoriar rundt staten sin framvekst, maktfordeling og oppgåver. Politisk filosofi kan vera deskriptiv, det vil seia leggja fram kjensgjerningar og prøva å forstå dei, eller normativ, det vil seia leggja fram mønster eller ideal for statsforfatningar eller politikarar.[1]

Sentrale tema i politisk filosofi handlar om kvifor staten finst, korleis makta til staten vert rettferdiggjort overfor innbyggjarane, og kva som skal til for å byggja eit «godt» og «rettferdig» samfunn.[1] I politisk filosofi studerer ein også politiske ideologiar og forstå korleis desse kan argumenterast for og rettferdiggjerast.

Historisk[endre | endre wikiteksten]

Historisk har filosofar som Thomas Hobbes og John Locke stått mot kvarandre. Hobbes var – under inntrykk av den engelske borgarkrigen – tilhengjar av eit totalitært samfunn, ut frå ein teori om at mennesket var eit ondt og egoistisk dyr, som måtte kontrollerast,[2] medan Locke var tilhengjar av eit liberalt samfunn og er sentral for grunnlaget til den klassisk liberalistiske tanken.[3]

Jeremy Bentham og John Stuart Mill forsvara utilitarismen, der konsekvensane av ei handling vart sett på som avgjerande for den moralske verdien – i motsetnad til for eksempel det kategoriske imperativ til Immanuel Kant der ein alltid skulle handla slik at andre menneske var mål, og ikkje berre middel. I utilitarismen søkjer ein, i motsetnad til i filosofien til Kant, å definera moralske handlingar etter nytteverdien dei har for samfunnet.

Moderne politisk filosofi[endre | endre wikiteksten]

Moderne politisk filosofi vert ofte sagt å byrja i 1971, med boka A Theory of Justice av John Rawls. Teorien hans var eit alternativ til utilitarismen. Hans kritikk av utilitarismen var at individ ikkje hadde nokre klåre rettar. Det var ingen grenser for kva fellesskapet kunne gjera mot det enkelte menneske i samfunnet. Rawls er såleis tilhengjar av liberalismen, som skal forståast som den delen av politisk filosofi, som tek utgangspunkt i individet.

Idéen til Rawls vart kritisert av kollegaen hans ved Harvard Robert Nozick, som såg annleis på kva for nokre rettar individ hadde. Nozick, forsvarar av libertarianismen, meinte individ hadde rett til sin eigedom, og at skattlegging berre var rett dersom det var friviljug, finansiering av velferdsstatar ville elles vera tjuveri. Både Rawls og Nozick tek, trass særs ymse synspunkt, utgangspunkt i individet, og er dimed begge rekna som liberalistar.

Mot slutten av det 20. hundreåret fann ein ny politisk debatt mellom liberalismen og kommunismen, fronta av blant anna Gerald Cohen. I motsetnad til liberalismen tek kommunismen utgangspunkt i samfunnet og innbyggjarane som eit fellesskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «politisk filosofi» (31. juli 2019) av Mathea Slåttholm Sagdahl i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Sharon A. Lloyd & Susanne Sreedhar. «Hobbes’s Moral and Political Philosophy» (på engelsk). The Stanford Encyclopedia of Philosophy. Henta 14. mai 2023. 
  3. Alexander Moseley. «John Locke: Political Philosophy» (på engelsk). Internet Encyclopedia of Philosophy. Henta 14. mai 2023. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Will Kymlicka: Contemporary political philosophy. Oxford University press, 2002.
  • John Rawls: A theory of justice. Oxford University Press, 1971.
  • Robert Nozick: Anarchy, state and utopia. Basic books, New York, 1974.
  • Gerald Cohen: Why Not Socialism? Princeton University Press, 2009.
Spire Denne filosofiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.