Slobodan Milošević

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slobodan Milošević
Слободан Милошевић
Slobodan Milosevic.jpg
Regjeringstid8. mai 198923. juli 1997 (Serbia)
23. juli 19975. oktober 2000 (Jugoslavia)
Fullt namnSlobodan Milošević
(serbisk kyrillisk Слободан Милошевић)
TitlarPresident i Serbia (1989–1997)
President i Jugoslavia (1997–2000)
Fødd20. august 1941
FødestadPožarevac i Jugoslavia (no Serbia)
Død11. mars 2006
Haag i Nederland
FøregjengarPetar Gracanin (Serbia)
Zoran Lilić (Jugoslavia)
EtterfølgjarMilan Milutinović (Serbia)
Vojislav Koštunica (Jugoslavia)
EktefelleMirjana Marković
BornMarko
Marija

Slobodan Milošević Høyr Høyr (fødd 20. august 1941 i Požarevac, død 11. mars 2006 i Haag) var ein jugoslavisk-serbisk politikar og statsleiar. Han var gift med Mirjana Marković og hadde to born (Marko og Marija). Mellom 1989 og 1997 var han serbisk president og frå 1997 til 5. oktober 2000 president for forbundsrepublikken Jugoslavia. Milošević leidde det populistiske og etnonasjonalistiske "Serbias sosialistiske parti" (Socijalistička partija Srbije) frå grunnlegginga i 1990 til 2001.

Under Kosovokrigen i 1999 vart han tiltala for krigsbrotsverk og brotsverk mot folkesetnaden i Kosovo ved det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia. I 2000 førte massedemonstrasjonar til at han måtte gå av, etter fyrst å ha nekta å akseptere valnederlaget. Han vart arrestert av jugoslavisk politi etter å ha vorte tiltala for korrupsjon og maktmisbruk 31. mars 2001. 28. juni same året vart han utlevert til FN, og sett i varetekt i krigsforbrytardomstolen sitt fengsel i Haag i Nederland, skulda for krigsbrotsverk. Han erklærte seg uskuldig og førte si eiga forsvarssak. 11. mars 2006 stadfesta krigsforbrytardomstolen meldinga frå radiostasjonen Radio B92 i Beograd om at Milošević var funnen død på cella i Haag. Han hadde hatt hjarteproblem og høgt blodtrykk, men var vorten nekta å reise til Moskva for legebehandling fordi krigsforbrytardomstolen såg det som sannsynleg at han ville flykte.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!