Aleksej Borovitin
Aleksej Borovitin | |
Fødd | 14. februar 1954 Kirov |
Yrke | skihoppar |
Aleksej Aleksejevitsj Borovitin (russisk: Алексей Алексеевич Боровитин) (fødd 14. februar 1954) i Kirov er ein russisk, tidlegare skihoppar som tevla for Sovjetunionen. Han vann to bronsemedaljar i skihopp i normalbakke, både i 1974 og i 1978.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Borovitin hadde ingen internasjonale resultat før han i 1974 under VM i Falun vann bronsemedaljen i hopprennet i normalbakken og fekk fjerdeplass i storbakken. Seinare i sesongen kom han på delt femteplass i Lahti. I 1975 vart han nummer fem i Holmenkollen, året etter vart han nummer seks.
Borovitin deltok i den tysk-austerrikske hoppveka i åra 1974-81. Hans beste samanlagtplassering i hoppveka var 11. plass i 1975/76, i enkeltrenn kom han som best på femteplass i Garmisch-Partenkirchen 1. januar 1976. Han deltok i OL i 1976 Innsbruck og vart nummer 15 i normalbakken og 19 i storbakken. I 1977 vann Borovitin hopprennet i Holmenkollen klart framom Thomas Meisnger frå DDR. Same sesongen kom han på fjerdeplass under VM i skiflyging i Vikersund og han vann hopprennet i storbakken Lahti, langt framom Walter Steiner.
Under verdsmeisterskapen i Lahti, tok Borovitin ein ny bronsemedalje i normalbakken, og vart nummer 9 i storbakken. Ein fjerdeplass i Lahti var hans beste plassering i internasjonale renn i 1979-sesongen. Borovitin deltok i begge hopprenna under OL 1980 i Lake Placid med ein 21. plass i normalbakken som beste plassering.
Borovitin, som var medlem av Dynamo Kirov, vart sovjetisk meister i skihopping sju gongar.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- VM 1974 i Falun: Bronsemedalje i normalbakken og nr 4 i storbakken
- Vinter-OL 1976 Innsbruck: Nr 15 i normalbakken
- Skiflygings-VM 1977 i Vikersund: Nr 4 i skiflyging
- VM 1978 i Lahti: Bronsemedalje i normalbakken
- Vinter-OL 1980 i Lake Placid: Nr 21 i normalbakken
Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Sportsboken, aktulle årgangar
- Resultatoversikt hos FIS (engelsk)
- Denne artikkelen bygger på «Alexei Alexejewitsch Borowitin» frå Wikipedia på tysk, den 14. desember 2012.