Aleppofuru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleppofuru
Aleppofuru
Aleppofuru
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Aleppofuru
Utbreiinga av Aleppofuru
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Furufamilien Pinaceae
Slekt: Furuslekta Pinus
Underslekt: Pinus
Seksjon: Banksia
Art: Aleppofuru P. halepensis
Vitskapleg namn
Pinus halepensis

Aleppofuru (Pinus halepensis) er ein furuart. Artern tilhøyrer underseksjonen Pinaster, som hovudsakleg er utbreidd i middelhavslanda.

Treet blir som regel 10–20 m høgt, men kan bli opptil 25 m. Unge tre er smale, medan eldre tre har ei kuppelforma krone. Borken er sølvgrå, men blir etterkvart purpurbrun med breie, oransje furar. Nålene sit to saman og er 6–13 cm lange. Konglane er eggforma og 5–12 cm lange.

Arten er nært i slekt med kalabrisk furu (Pinus brutia), som ofte blir rekna som ein underart eller varietet av aleppofuru. Dei to artane kan skiljast på at aleppofuru i snever tyding har lysegrå kvistar og kortare nåler.

Aleppofuru trivst i middelhavsklima og toler svært tørre somrar. Arten veks i dei termo- og mesomediterrane vegetasjonssonene. I nord finst han i høgdeområdet 0–600 moh. og i sør 0–1400 moh. I Atlasfjella finst furua opp til 2600 moh. Ho veks best på kalkstein i område der årsnedbøren er 350–700 mm og den absolutte minimumstemperaturen er mellom −2 og +10 °C.

Treslaget er vanlegast i det vestlege og sentrale middelhavsområdet frå Spania og Marokko nordover til Sør-Frankrike og austover til Kyrenaika og Hellas inkludert Sporadane og Dei joniske øyane. Furua veks på Balearene, men manglar elles på dei store øyane. Lengjer aust overtek stort sett kalabrisk furu, men små populasjonar av aleppofuru finst i Tyrkia, Syria, Israel, Jordan og Libanon. Pollen frå aleppofuru kan befrukta kalabrisk furu, men ikkje omvendt. Det finst naturlege hybridar der begge artane veks saman.

Aleppofuru har stor økonomisk tyding, særleg i Nord-Afrika. Virket kan brukast til mange føremål, som bygningstømmer, ved og papirmasse. Ein studie utført ved Universitetet i Sevilla viste at aleppofuru var det treslaget i Sørvest-Europa som kunen absorbera mest CO2 med gjennomsnittleg 48 tonn CO2 per år.

Pinjeprosesjonsspinnar (Thaumatopoea pityocampa) angrip ofte denne arten.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • A. Mitchell, omsett av I. Gjærevoll (1977). Trær i skog og hage. Tiden. s. 172–173. ISBN 82-10-01282-7
  • B. Fady, H. Semerci og G.G. Vendramin (2003). EUFORGEN Technical Guidelines for genetic conservation and use of Aleppo pine (Pinus halepensis) and Brutia pine (Pinus brutia). Roma: Bioversity International. ISBN 978-92-9043-571-6
  • O. Polunin og A. Huxley, norsk utgåve P. Sunding (1978). Middelhavsflora. NKI-Forlaget. s. 53. ISBN 82-562-0490-7
  • M. Blamey og C. Grey-Wilson (2004). Wild Flowers of the Mediterranean (2 utg.). London: A & C Black. s. 27. ISBN 0-7136-7015-0
  • G. Bucci m.fl. «Detection of haplotypic variation and natural hybridization in halepensis-complex pine species using chloroplast simple sequence repeat (SSR) markers». Mol. Ecol. 7 (12): 1633–1643. ISSN 1365-294X. doi:10.1046/j.1365-294x.1998.00466.x. 
  • «How effective is tree-planting for carbon offsetting?». autoblog. 10. august 2007. Henta 19. desember 2015.