Alf Kristian Tellefsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alf Kristian Tellefsen
Fødd 23. februar 1938 (86 år)
Yrke misjonær

Alf Kristian Tellefsen (fødd 23. februar 1938) er ein norsk kristen forkynnar som lenge har vore tilsett i Norges samemisjon, busett i Karasjok.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Alf Kristian Tellefsen vart fødd på Flekkerøya utanfor Kristiansand. Etter vanleg skulegang gjekk han på misjonsbibelskule i Stjørdal, og i november 1958 vart han tilsett som misjonær i Norges samemisjon frå Karasjok, 20 år gamal.

Tellefsen dreiv misjonsverksemd på fleire stader i Finnmark. Han blei i tenesta i Finnmark heilt fram til 1979, berre avbroten av eit halvår i 1970/71, då han var vikar for krinssekretæren i Sørlandet krins i Samemisjonen. I denne tida lærte han nordsamisk, og blei godt kjend med samefolket i Finnmark. På 1960-talet vart han kjend som ein av dei fyrste forkynnarane som tok i bruk snøskuter på Finnmarksvidda, og han pleidde å seia at skuteren hadde revolusjonert tenesta.[1] Frå 1981 til 1985 flytte han sørover att, og var krinssekretær i Stavanger krins. Deretter var han sekretær i Sørlandet krins fram til 1994.

I 1989 var han aktivt med i oppstarten av Samemisjonen sin nye nærradio i Lappland. Radioen fekk namnet Radio DSF fordi han fekk lokale på ein no nedlagt folkehøgskule; Den Samiske Folkehøgskole i Karasjok. Radio DSF vart innvigd i 1990 med Tellefsen aktivt involvert. Radioen skulle fyrst senda i Kautokeino kommune og Karasjok kommune, men dekkjer no også Tana, Nesseby, Porsanger og Vadsø. Frå 1990 hadde Tellefsen særleg ansvar for programmet Gæidnu Biibbala čađa - Vegen gjennom Bibelen, og fram til 2001 produserte han over 2000 program i denne serien.

Fram til 1997 var Tellefsen framleis busett på Sørlandet, trass i det store engasjementet hans i Radio DSF. Deretter flytte han til Karasjok att, med halv stilling som redaktør i radioen og halv stilling som forkynnar i Samemisjonen. Han var også engasjert i arbeidet med Radio DSF då dei fekk laga sendingar på kildinsamisk og russisk til Kolahalvøya hausten 2003.

17. juni 2006 fekk Alf Kristian Tellefsen Kongens fortenestmedalje i sølv for si lange verksemd i Norges samemisjon.[2] I 2008 vart han tildelt Bibelprisen for arbeidet sitt med Gæidnu Biibbala čađa - Vegen gjennom Bibelen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]