Hopp til innhald

Alfons XIII av Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfons XIII
Alfonso XIII

Fødd17. mai 1886
FødestadMadrid, Palacio Real
Død28. februar 1941
DødsstadRoma
GravstadCripta Real del Monasterio de El Escorial, Santa Maria di Monserrato
Gift medVictoria Eugenia av Battenberg
Dynastihuset Bourbon-Anjou
FarAlfonso XII av Spania
MorMaria Christina av Østerrike
BornJaime av Spania, Beatriz av Spania, Juan, Gonzalo av Spania, Roger de Vilmorin, Fernando de Borbón y Battenberg, Alfonso av Spania, María Cristina av Spania, Juana Alfonsa Milan y Quinones de Leon, Teresa de Borbón y Ruiz, Leandro de Borbón, Mapie de Toulouse-Lautrec

Alfons XIII eller Alfonso XIII (17. mai 188628. februar 1941) var konge av Spania frå 1886 til 1931. Han var son til avdøde Alfons XII, og vart utropt til konge ved fødselen. Enkedronninga styrte som regent til han tok kongsmakt som sekstenåring i 1902.[1]

Under fyrste verdskrigen heldt han Spania nøytralt, ettersom opinionen i landet var mykje delt i favør dei krigførande. Fleire innanlandske tilhøve, og valdeleg uro i kolonien Marokko, svekka kongedømet dei komande åra. Under den politiske krisa i 1923 let han Primo de Rivera kome til makta. Då motstanden mot diktatoren forsterka seg i 1929/30, let Alfons regjeringsmakta gå over til ein general som skulle atterreise det konstitusjonelle kongedømet. Kongedømet mangla folkeleg oppslutnad, så då kommunevala i april 1931 viste sterk framgang for republikanarane, rømde kongen landet og busette seg i Roma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Alfons 13.». Store norske leksikon (på norsk). 22. august 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Alfons XIII av Spania