Isabella II av Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Isabella II
Isabel de Borbón y Borbón-Dos Sicilias.jpg
Dronning av Spania
Fødd10. oktober 1830
FødestadMadrid
Død9. april 1904
DødsstadParis
FøregjengarFerdinand VII
EtterfølgjarInterregnum
Gift medFrancisco de Asís de Borbón
FarFerdinand VII av Spania
MorMaria Kristina av Dei to Sicilia
BornMaria Isabel de Borbón
Alfonso XII
María de la Paz av Spania
María Eulalia av Spania

Isabella II av Spania (10. oktober 183010. april 1904) var dronning av Spania frå 1833 til 1868. Ho blei avsett under Den spanske revolusjon i 1868, og abdiserte formelt i 1870. Sonen hennar Alfonso kom på trona i 1874.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Isabella som barn med mor si, Maria Kristina.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Isabella var dotter av Ferdinand VII av Spania og Maria Kristina av Dei to Sicilia. Ettersom han ikkje hadde mannlege arvingar gav han ut eit dekret som sette til side salisk lov og gjorde at dottera hans kunne arva trona når han døydde.

Tidleg styre[endre | endre wikiteksten]

Isabella var tre år gammal då Ferdinand døydde i 1833, og dronning Maria Kristina overtok styret på vegner av den mindreårige dottera si. Men bror til Ferdinand, Carlos, hertug av Molina, nekta å godta denne ordninga, og hevda han var den rettmessige tronarvingen. Dette førte til den første av Karlistkrigane og ein lang periode med uro i landet.

Etter militær framgang for Carlos og karlistane sørga dronning-regenten for ein serie reformer som gjorde at mykje av grunnlaget for Carlos si støtte i befolkninga forsvann. Etter at Carlos hadde gjeve opp forsøket på å kaste Isabella, prøvde Maria Kristina å gå tilbake på reformene i 1840. Dette blei så upopulært at ho blei nøydd til å gå av, og året etter blei krigshelten general Baldomero Espartero peika ut som ny regent. Espertero var også upopulær, og hans urolege periode som leiar tok slutt allereie i 1843 då han måtte flykta frå landet. Isabella blei no erklært myndig, tretten år gammal.[1]

Ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Dronning Isabella og ektemaken, Francisco de Asís de Borbón.

10. oktober 1846 blei den seksten år gamle Isabella gift med prins Francisco de Asís de Borbón, syskenbarnet sitt på både mor- og farssida. Same dagen blei den yngre systera hennar, Luisa Fernanda, gift med hertugen av Montpensier, den yngste sonen til kong Louis-Philippe av Frankrike.[1] Ekteskapa vekte harme i Storbritannia, som var sterkt imot slike dynastiske band mellom Frankrike og Spania, og hevda at dei streid mot Utrecht-avtalen frå 1712.[2]

Dronning Isabella med dei tre yngste døtrene sine, Pilar, Paz og Eulalia, i 1875.

Isabella sjølv var sterkt imot å inngå ekteskapet. Det skal ha gått rykte om at prins Francisco var impotent eller homofil. Paret fekk likevel ni barn, sjølv om det igjen svirra mange rykte om at fleire eller alle av dei hadde annan far enn Francisco. Mellom anna hevda karlistar at den seinare kong Alfonso XII var son av ein kaptein i vakta, Enrique Puigmoltó y Mayans.[3] Paret levde separert frå kvarandre seinare i livet, men heldt då ein vennskapeleg tone.

Av dei ni barna levde berre fem opp:

Regjeringstid[endre | endre wikiteksten]

Dronning Isabella måla med dottera Maria Isabella i 1852 av Franz Xaver Winterhalter.
Dronning Isabella og ektemaken vitjar Santa María-kyrkja i Madrid. Måleri frå 1855 av Ramón Soldevila y Trepat.

Isabella regjerte direkte frå 1843 til 1868. Regjeringstida hennar var prega av politisk kaos med stadige regjeringsskifte. Dei såkalla Moderados hadde makta frå 1846 til 1854, dei Progressive frå 1854 til 1856, og Unión-liberale frå 1856 til 1863. Moderados og Unión-liberale erstatta kvarandre raskt og stengde ute dei progressive, noko som gav grobotn for revolusjonen i 1868.[4]

Dronning Isabella II blanda seg ofte inn i politikken. Ho favoriserte reaksjonære generalar og statsmenn, til den katolske kyrkja og religiøse ordenar. Under regjeringstida hennar kjempa Spania to krigar: Krigen mot Marokko i 1859, som ende med ein fordelaktig fredsavtale for Spania der Marokko gav frå seg noko territorium og Chinchakrigen (1864-1866) mot Chile og Peru, der Spania ikkje vann kontroll over dei guanorike Chinchaøyane. Ho opna Iloilo på Filippinane for global handel gjennom eit kongeleg dekret i 1855, og herfrå blei det eksportert sukker og andre varer til Amerika, Australia og Europa.[5][6]

Ei innskrenking av det lokale sjølvstyret førte til eit nytt karlistisk opprør; dette dabba av i 1849. Men den politiske uroa fortsette, og i 1854 braut eit større opprør ut på grunn av matmangel. Opprøret førte til at Espartero gjorde politisk comeback, men også han måtte snart gå av etter kontroversar rundt ein ny grunnlov. Makta kom etterkvart i hendene på Leopoldo O'Donnell, som blei sitjande med henne i nesten fem år.

Eksil[endre | endre wikiteksten]

Dronning Isabella fotografert ved Atelier Nadar seinare i livet.

To opprør i 1866 og 1868, leia av Juan Prim, førte til at Isabella måtte dra frå Spania. Ho busette seg i Paris, i eit bypalass som så blei kalla Palais de Castilles, i Avenue du Roi de Rome. I hennar stad blei Francisco Serrano Domínguez innsett som regent i Spania. I 1870 blei Amadeus av Savoia, den andre sonen til kong Vittorio Emmanuele av Italia, henta inn som spansk konge. Han gav opp å regjera landet i 1873, og den første spanske republikken blei utropt i staden.

I 1870 sa Isabella formelt frå seg krona den 25. juni 1870 til fordel for sonen. Alfons XII blei konge i 1874 etter at monarkiet var blitt gjenoppretta. Etter dette kunne Isabella venda tilbake til Spania. Ho budde dels der og dels i Paris, der ho døydde 9. april 1904.

Ho er gravlagd i El Escorial.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Chisholm, Hugh, red. (1911), «Isabella II», Encyclopædia Britannica. 14 (11. utg.), Cambridge University Press, s. 859 
  2. «Affair of the Spanish Marriages». Encyclopædia Britannica Online. Henta 1. januar 2018. 
  3. Juan Sisinio Pérez Garzón, Isabel II: Los Espejos de la Reina (2004)
  4. F.H. Gribble, The tragedy of Isabella, II (1913).
  5. Demy Sonza. «The Port of Iloilo: 1855 - 2005». Graciano Lopez-Jaena Life and Works and Iloilo History Online Resource. Dr. Graciano Lopez-Jaena (DGLJ) Foundation, Inc. Arkivert frå originalen 2016-01-19. .
  6. Henry Funtecha. «Iloilo's position under colonial rule». thenewstoday.info. Arkivert frå originalen July 21, 2006. .

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Isabella II