Alfred Grønneberg
Alfred Grønneberg | |
Fødd | 26. januar 1879 Tjølling |
---|---|
Død | 27. september 1963 (84 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | politikar |
Alfred Mathias Grønneberg (26. januar 1879–27. september 1963) var ein norsk urmakar og politikar frå Tjølling i Vestfold, busett i Fredrikstad. Han representerte partiet Høgre på Stortinget 1937-45, vald frå kjøpstadene i Østfold og Akershus.
Grønneberg var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han 1894-98 i urmakarlære i Sandefjord. I 1907 løyste han handverks- og handelsbrev og slo seg ned i Fredrikstad som urmakar og optikar.
I Fredrikstad var Grønneberg medlem i bystyret frå 1922 til 1934. Han var elles formann i Norges Urmakerforbund 1930-41 og 1945-46, styremedlem i Fredrikstad Sparebank frå 1932, og ei tid formann i Speidernes fellesråd.
Hausten 1936 vart Grønneberg vald til stortingsmann frå dei fire byane Halden, Sarpsborg, Fredrikstad, Moss og Drøbak. Høgre-representanten hadde sete 1937-45 i Administrasjonkomiteen.