Hopp til innhald

Alfred P. Wright

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred P. Wright
Fødd1. september 1847
Porsgrunn
Død26. januar 1929 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkeforretningsdrivande, reiar
MorKaren Magdalene Wright
FarPeter Magnus Petersen
EktefelleHelene Gulbranson
BarnCarl P. Wright
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1910–1912)
  • Konsul i diplomatiet
  • ordførar i Porsgrunn (1891–1892)
  • ordførar i Porsgrunn (1894–1899)
  • vararepresentant til Stortinget (1886–1888)
  • vararepresentant til Stortinget (1889–1891)
  • vararepresentant til Stortinget (1892–1894)
  • vararepresentant til Stortinget (1903–1906) Sjå dette på Wikidata

Alfred Petersen Wright (1. september 184726. januar 1929), opphavleg Alfred Petersen, var ein norsk forretningsmann og skipsreiar frå Porsgrunn. Frå 1910 til 1912 var han stortingsrepresentant for partiet Høgre.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Wright vart cand.jur. i 1873. Etter nokre år utanlands tok han over faren sine forretningar. Han deltok i opprettinga av skipsforsikringsselskapet «Reform», etablerte Porsgrunn Gjærfabrikk og Norrøna Fabrikker, deltok i opprettinga av Porsgrunn Porcelænsfabrik og Porsgruns bryne-og slipestensfabrik. Han var frå 1896 dansk medlem av Tolltariffkommisjonen, 1897 av komiteen om Noregs deltaking i Stockholmsutstillinga og i 1906 av Traktatkomiteen. I tillegg var han frå 1903 medlem av Jarnbanekomiteen. Wright var styreleiar for Skiens kreditbank frå 1891.

Wright var med i Porsgrunn bystyre frå 1893, i mange år medlem av formannskapet og ordførar. Som Alfred Petersen var han vararepresentant til Stortinget i tida 1886 til 1894 for Høgre-partiet. Sidan var han varamann til Stortinget 1903–1906, møtte frå 2. november til 2. desember 1903 i staden for Jørgen Knudsen. I 1910–1912 var Wright fast representant på Stortinget, permittert 1912-sesjonen frå 8. juli. På Stortinget var han visesekretær i Lagtinget og medlem i Tollkomiteen.

Han var far til Carl P. Wright.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]