Maruv
Maruv | |||
| |||
Fødd | 15. februar 1991 (33 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Pavlohrad | ||
Fødenamn | ukrainsk Ганна Корсун, Hanna Korsun, russisk А́нна Бори́совна Ко́рсун, Anna Borisovna Korsun | ||
Alias | Maruv | ||
Opphav | Ukraina | ||
Aktiv | 2013– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Warner Music Russia, Sony Music Entertainment | ||
Verka som | songar, komponist, musikkprodusent, lyrikar, produsent, plateartist, filmprodusent | ||
Prisar | M1 Music Awards, MTV Europe Music Award for Best MTV Russia Act, YUNA, Realnaja premija MusicBox, ZD Awards, Song of the Year |
Anna Korsun (fødd 15. februar 1991) er ein ukrainsk songar, låtskrivar og musikkprodusent. Korsun er betre kjend under artistnamnet Maruv – stilisert som MARUV. Ho bur og jobbar i hovudstaden Kiev.[1] I februar 2019 vann Maruv den ukrainske songtevlinga Vidbir med songen «Siren Song», og vann dimed retten til å representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2019.[2][3] Men etter sigeren kunngjorde den ukrainske kringkastaren UA:PBC at dei ikkje ville la Maruv representere landet i Eurovision Song Contest, og fire dagar etter trekte Ukraina seg frå tevlinga.[4][5][6]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Korsun vart fødd i Pavlohrad i Dnipropetrovsk oblast i Ukraina. Allereie frå skulealder studerte ho musikk og dans, men seinare studerte ho teknologi ved det polytekniske instituttet i Kharkiv. Ho vart uteksaminert frå skulen i 2014 og deltok seinare i den ukrainske songtevlinga Holos Krajiny, den ukrainske utgåva av The Voice. Ho vart òg med i bandet Pringlez.[7]
I 2017 skifta bandet namn til MARUV. Som ein del av endringa, vedtok bandmedlemmane å endre heile musikkonseptet sitt. Dei la bort pop-rocken og satsa i staden på elektronika og moderne musikksjangrar. I mai 2017 gav bandet ut debutplata Stories med sju songar på ukrainsk, russisk og engelsk.[7]
Same år møtte Korsun gitaristen og DJ-en Mikhail Busin, kjend under artistnamnet BOOSIN. Dei to etablerte platemerket Zori Sound og starta å jobba saman musikalsk under namnet MARUV & BOOSIN. Blant anna skreiv dei songar for fleire ukrainske artistar og gav ut songane «Spyny» og «Drunk Groove» seint i 2017. Blant anna opptredde duoen under opningsseremonien til Fotball-VM i Moskva i juni 2018.[7] Same sommar slapp dei singelen «Focus on Me», den andre singelen frå albumet Black Water, gjeven ut 28. september 2018.[8][9]
I februar 2019 deltok Maruv i Vidbir, den ukrainske uttakinga til Eurovision Song Contest på den offentlege tv-kanalen UA:Persjyj og den kommersielle tv-kanalen STB. Maruv vann med songen «Siren Song» og vann dimed retten til å representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Men etter sigeren sådde kringskastaren UA:PBC tvil om Maruv skulle få representere landa i Israel. Dette skulda at Maruv har hatt ei rekkje konsertar og framsyningar i Russland, eit land Ukraina er konflikt med.[10][11] Kringkastaren kravde at artisten skreiv under ein kontrakt som blant anna forbaud ho å opptre i Russland, overdra songrettane til eit anna plateselskap og dekkje alle deltakarkostnadene sjølv. Maruv nekta å underskrive avtala, og to dagar etter finalen kunngjorde UA:PBC at Maruv ikkje skulle få representere Ukraina i Eurovision Song Contest.[4][5][12][13] Då dei andre finalistane heller ikkje ynskte å skrive under, valde kringkastaren til slutt å trekkje seg frå Eurovision Song Contest 2019.[6]
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Korsun er gift med den ukrainske plateprodusenten og manageren Oleksandr Korsun.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Studioalbum
[endre | endre wikiteksten]- Stories (2017)
- Black Water (2018)
EP-er
[endre | endre wikiteksten]- Hellcat Story (2019)
- Fatality (2020, som Sjlakoblotsjina)
Singlar
[endre | endre wikiteksten]Singel | År | Album |
---|---|---|
«Сонце» (Sontse) | 2017 | Stories |
«Let Me Love You» | ||
«Спини» (Spyny) | Ikkje frå album | |
«Drunk Groove» | Black Water | |
«Focus on Me» | 2018 | |
«Black Water» | ||
«Siren Song» | 2019 | Ikkje frå album |
«Mon Amour» (med Mosimann) | ||
«Mezjdu nami» | ||
«To Be Mine» | Hellcat Story | |
«Don't Stop» | ||
«Don't You Waste My Time» | ||
«If You Want Her» | ||
«Novaja sila kiski» (som Sjlakoblotsjina med Fearmuch) |
2020 | Fatality |
«Samoletnaja» (som Sjlakoblotsjina) | ||
«I Want You» | Ikkje frå album | |
«Sad Song» | ||
«More» | ||
«Jest tolko mig» (med Danjia Milokhin) | ||
«Maria» |
I samarbeid
[endre | endre wikiteksten]- For You (med Faruk Sabanci, 2018)
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «MARUV – Facebook-side». Henta 24. februar 2019.
- ↑ Van Lith, Nick. «Maruv wins Vidbir 2019 and will represent Ukraine with “Siren Song”». escxtra.com. Henta 23. februar 2019.
- ↑ «MARUV wins Ukraine's national selection 'Vidbir'». eurovision.tv. Henta 24. februar 2019.
- ↑ 4,0 4,1 «MARUV will not represent Ukraine in Tel Aviv». Henta 25. februar 2019.
- ↑ 5,0 5,1 «Ukraine's public broadcaster blocks MARUV from representing country at Eurovision-2019» (på engelsk). Henta 25. februar 2019.
- ↑ 6,0 6,1 «Ukraine withdraws from Eurovision 2019». EBU. 27. februar 2019. Henta 27. februar 2019.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 «"MARUV & BOOSIN who is it?"». Arkivert frå originalen 5. mai 2019. Henta 23. februar 2019.
- ↑ «MARUV-singler». Henta 30. juli 2018.
- ↑ «Black Water – album». Henta 28. september 2018.
- ↑ «MARUV wins national selection to represent Ukraine at Eurovision 2019 (video)» (på engelsk). Henta 24. februar 2019.
- ↑ «UA:PBC: MARUV not yet confirmed as Eurovision entrant» (på engelsk). 23. februar 2019. Henta 24. februar 2019.
- ↑ «MARUV criticises the contract imposed upon her by UA:PBC» (på engelsk). 25. februar 2019. Henta 25. februar 2019.
- ↑ «Maruv: Not ready to turn my participation in Eurovision into politicians' promotion». 25. februar 2019. Henta 25. februar 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Maruv» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mars 2021.