Alpejernsporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alpejernsporv

Status i verda: LC Livskraftig

Alpinjernsporv i Tatrafjella, Polen Foto: Jerzy Strzelecki
Alpinjernsporv i Tatrafjella, Polen
Foto: Jerzy Strzelecki
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Prunellidae
Slekt: Prunella
Art: P. collaris
Namn på andre språk
  • Engelsk: Alpine accentor
  • Vitskapleg namn
    Prunella collaris

    Alpejernsporv (Prunella collaris) er ein sporvefugl i jernsporvfamilien med særs fragmentert utbreiing i nordvestre Afrika, Sør-Europa og austover gjennom Sentral-Asia til stillehavskysten.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Dette er ein stor medlem av fugleslekta Prunella, ca. 15-17,5 centimeter i kroppslengd. Nominatforma i sørvestlege Europa skil seg frå arten jernsporv med litt større kropp, kraftigare nebb, ein liten gul flekk rett under nebbet, svartspraglete lys strupe, raudbrun underside med strek på sidene, oversida er gråbrun med mørke striper, hovudet og halsen er elles reint grå. Beina er mørk rosagrå til brun. Der er variasjonar i storleik og i fjørdrakta med underartane, til dømes har underarten i Tyrkia bleikare med mindre markerte strek på oversida.[1][2]

    Utbreiingsområdet for alpejernsporv er fragmentert. I vest lever dei på Iberia og i Nordvest-Afrika, vidare austover i Sør-Europa så langt nord som sørvestre Ukraina, gjennom Balkan, Anatolia, Kaukasus, frå Iran til Tadsjikistan, Afghanistan og søraustre Kashmir, Himalaya, og vide område i sentrale Kina. Vidare nordaust gjennom nordvestre Mongolia og søraustre Russland til Okhotskhavet på stillehavskysten. Dessutan sør til fjellområdet Altai i Kina og til Nord-Korea. Ein underart lever på Taiwan. Det finst reine overvintringsområde i det meste av Spania, Sør-Frankrike, på Balkan og rundt Bohaibukta, Gulehavet. Dette utbreiingsområdet er sett saman av leveområde for totalt ni underartar av alpejernsporven.

    Alpejernspurvar lever helst over tregrensa og hekkar i høgtliggande område, i Himalaya over 4000 moh., men utanfor hekketida kan dei vandre lågare og gjerne nær landbyar og husdyr. Føda er i hovudsak insekt supplert med andre smådyr og meitemark, nokon gongar òg vegetabilsk næring i form av frø og urter.

    Storleiken på den globale populasjonen er estimert til mellom 1 og 3 millionar individ og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

    Spontant i Noreg

    Eit individ av arten blei registrert på Færder i juni 1974,[4] det er den einaste kjente observasjonen av alpejernsporv i landet.

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
    2. Hatchwell, B. & Christie, D.A. (2020) Alpine Accentor (Prunella collaris) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 20. januar 2020
    3. BirdLife International (2020) Species factsheet: Prunella collaris. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. januar 2020
    4. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 20. januar 2020. 

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alpejernsporv