Alpekråke
Alpekråke | |
Alpekråke | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av alpekråke | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Kråkefamilien Corvidae |
Slekt: | Pyrrhocorax |
Art: | Alpekråke P. pyrrhocorax |
Vitskapleg namn | |
Pyrrhocorax pyrrhocorax |
Alpekråke (Pyrrhocorax pyrrhocorax) er ein kråkefugl. Arten finst i Asia og i Europa i sør, i Alpane under snøgrensa og på dei britiske øyane, i tillegg til i Etiopia i Afrika.
Fuglen har eit raudfarga nebb som er langt og nedoverbøygd. Også føtene er raude. Fjørdrakta er blanksvart. Alpekråke er rundt 40 cm lang, med ein stjert på rundt 15 cm. Vengespennet er 68-80 cm og fuglen kan vega opptil 250 gram. Alpekråke liknar kaie, men flyg lettare og er meir forsiktig. Ungfuglen har eit gult nebb som seinare vert raudt.
Hoa legg egg mellom april og juni. Kvar fugl legg 3-6 egg som er brun- eller gråflekka med gulkvit grunnfarge. Reiret er som regel plassert i klipper i eit hol eller ei grotte.
Alpekråke lever av insekt, terrestriske blautdyr og andre virvellause dyr.