Alveterne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alveterne

Status i verda: VU Sårbar

Alveterne i Little Swanport, Tasmania, AustraliaFoto: JJ Harrison
Alveterne i Little Swanport, Tasmania, Australia
Foto: JJ Harrison

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Sternidae
Slekt: Sternula
Art: S. nereis
Vitskapleg namn
Sternula nereis
Gould, 1843

Alveterne (Sternula nereis) er ei terne og ein kystbunden sjøfugl med utbeiing i sørvestre Stillehavet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Alveterna er ei særs lita terne, ca. 25 centimeter med kroppssvekt på 70 gram. Ho har lys, grå venger og rygg, alle vengefjørene er lys grå, berre svakt mørkare mot undersida av vengespissane. Hovudet har svart hette med kvit panne, resten av fjørdrakta er kvit. Utanom hekketida er nebbet og beina gulbrune. I hekkedrakta blir hetta meir markert svart rundt og auga, men framleis med kvit panneflekk, nebbet blir gult og beina oransje til gult. Halen i hekkedrakta er djupare kløfta. Dei flyg med raske, kraftige vengeslag og kan òg stille i lufta. Under matsøk kan dei stille med raske vengeslag og så styrtdukke.

Alveterna er hekkefugl langs sørlege Australia, på Northland på New Zealand og på Ny-Caledonia. Fram til første delen av 1900-talet var dei vanlege hekkefuglar på New Zealand, jamvel i innlandet på New Zealand. Dei beitar gjerne i grunt vatn i estuar og tar hovudsakleg småfisk.

Hekkinga skjer parvis, ikkje i koloniar. Reira er enkle, grunne skraper i sand og skjel, litt over springflodmål. Kullet er vanlegvis på 2, nokre gonger eitt egg og dei kan ha 2 kull i året. Klekkinga skjer etter ca. 24 dagar og ungane kan flyge etter 22 til 23 dagar. Det eldste kjente individet av alveterne blei over 11 år.

Arten har status som sårbar, og bestanden er estimert til mellom 2 500 og 10 000 individ, og er trudd å vere minkande.[1] På New Zealand var det berre 6-7 hekkande par i år 2001.

Dvergterne (Sternula albifrons), som òg førekjem i Australia, liknar alveterne, men har mørkare ytre primærfjører og svart nebbspiss i hekkedrakt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alveterne