Amanda Ooms

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Amanda Ooms
Amanda Ooms in 2018.jpg
Fødd 5. september 1964
Kalmar
Yrke skodespelar, kunstnar, filmskodespelar
Amanda Ooms på Commons

Amanda Francisca Ooms (fødd 5. september 1964) er ein svensk skodespelar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Far til Ooms er fødd i Nederland, og Ooms voks opp på ulike stader i Sverige og Europa. Som ung fekk ho kontakt med Suzanne Osten og hamna i hennar teaterkollektiv i Stockholm. Ooms filmdebuterte i ein film av Osten, nemleg Bröderna Mozart frå 1986. Neste film ho spelte i var den norske Hotel St. Pauli frå 1988.

I 1989 spelte Ooms den kvinnelege hovudrolla i den norske filmen Karachi av Oddvar Einarson, m.a. saman med Jon Eikemo. Filmen handla om narkotikahandel til Noreg frå Karachi i Pakistan. Ooms vann Amandaprisen for 1989 i klassen beste kvinnelege hovudrolle for filmprestasjonen.

På 1990-talet tok Ooms sin karriere internasjonale dimensjonar, og ho har m.a. spelt med Donald Sutherland og Alan Rickman. I tillegg til skodespelarkarrieren er Amanda Ooms både kunstnar, forfattar og omsetjar. Ho har sjølv gjeve ut to romanar, og ho har sett om fleire skodespel til svensk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]