Amanda Tenfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amanda Tenfjord

Fødd9. januar 1997 (27 år)
FødestadIoánnina, Ålesund kommune
FødenamnAmanda Klara Georgiadis
OpphavNoreg, Hellas
Aktiv2014–
Sjangerpop
Instrumentpiano
Verka somsongar, låtskrivar, lege

Amanda Klara Georgiadis Tenfjord (fødd 9. januar 1997[1][2]) er ein norsk og gresk songar, låtskrivar og lækjar.[3][4][5] Ho representerte Hellas i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Die Together».[6]

Artistkarriere[endre | endre wikiteksten]

Tenfjord byrja med pianotimar då ho var fem år gammal, før ho byrja i korps og deretter songtimar.[5] Tenfjords song «Run» vann Musikkprisen i 2015 og figurerte i ein reklamevideo for Personskadeforbundet LTN i 2014.[7]

I 2016 deltok Tenfjord i musikktevlinga The StreamTV 2, der ho fekk ei plassering blant dei 30 beste deltakarane.[8] I 2018 opptredde ho live under «P3aksjonen».[9] Ho medvirka også i eit program på P3 Live i 2019 med låten «Let Me Think».[10]

Tenfjord har turnert med det norske bandet Highasakite.[11] I 2019 spela ho på musikkfestivalen Trondheim Calling.[12][13] Tenfjord vart i 2019 tildelt Ungdommens kulturpris i Haram kommune.[14]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I desember 2021 kunngjorde den greske ålmennkringkastaren ERT at dei hadde vald Tenfjord til å representere Hellas i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[15] Songen, «Die Together» vart offentliggjord og utgjeven 10. mars 2022.[16][17] Tenfjord kvalifiserte seg til finalen, der ho enda på åttandeplass.[18]

Bakgrunn og privatliv[endre | endre wikiteksten]

Tenfjord vart fødd i Ålesund i Noreg, og voks opp i Ioánnina i Hellas og i Tennfjord i Haram. Ho budde dei tre fyrste åra av livet i heimbyen til faren, Ioánnina, før ho og familien flytta til Tennfjord i Møre og Romsdal.[19] Ho lærte gresk før norsk.[20] Ho gjekk i same klasse som artisten Sigrid, og har uttala at ho var inspirasjonen til å satse på ein artistkarriere på deira siste skuledag ved Fagerlia vidaregåande skule.[21]

I 2015 flytta Tenfjord til Trondheim for å byrje på medisinstudium ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU).[5] I 2019 annonserte Tenfjord at ho satte dei krevjande studia på pause for å fokusere på musikk.[22] Tenfjord tok embetseksamen i medisin i mai 2022.[23][24]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • First Impression (2018)
  • Miss the Way You Missed Me (2021)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Run» (2014)
  • «I Need Lions» (2016)
  • «Man of Iron» (2017)
  • «First Impression» (2018)
  • «No Thanks» (2018)
  • «Let Me Think» (2018)
  • «The Floor Is Lava» (2019)
  • «Troubled Water» (2019)
  • «Kill the Lonely» (2019)
  • «As If» (2020)
  • «Pressure» (2020)
  • «Then I Fell in Love» (2020)
  • «Miss the Way You Missed Me» (2021)
  • «Promises» (2021)
  • «Die Together» (2022)
  • «Plans» (2022)
  • «All In» (2022)
  • «Aman» (med Evangelia) (2022)
  • «I'll Stay» (2022)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Amanda Tenfjord». Genius (på engelsk). Henta 15. desember 2021. 
  2. «Eurovision: 24-year-old Amanda Georgiadi will represent Greece - News Bulletin 247» (på engelsk). Newsbulletin247.com. Henta 15. desember 2021. 
  3. https://www.adressa.no/kultur/2017/01/23/Medisinstudent-p%C3%A5-dagen-%E2%80%93-artist-p%C3%A5-natten-14089068.ece
  4. «That’s ‘Dr. Tenfjord to You’, “Die Together” Singer Celebrates Medical School Graduation». ESCUnited.com (på engelsk). 10. juni 2022. Henta 29. juli 2022. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Medisinstudent på dagen – artist på natten». Adresseavisen. «Jenta som er halvt gresk og halvt norsk, bodde de tre første årene av livet sitt i Hellas. Siden har hun bodd i Tennfjord, helt til hun for ett og et halvt år siden flyttet til Trondheim.» 
  6. «Eurovision: Hellas valgte norsk artist». VG (på norsk). 15. desember 2021. Henta 15. desember 2021. 
  7. «Personskadeforbundet LTN - Råd og Hjertevarme». 29.08.2014. 
  8. Meling, Eirik (10. september 2016). «Amanda Tenfjord videre i «The Stream»». smp.no. Henta 25. februar 2021. 
  9. NRK P3 (20. oktober 2018). «Amanda Tenfjord live - P3aksjonen 2018». YouTube. Henta 25. februar 2021. 
  10. NRK P3 (28. februar 2019). «P3 Live: Amanda Tenfjord "Let Me Think"». YouTube. Henta 25. februar 2021. 
  11. Rishaug, Frida (23. oktober 2018). «Amanda Tenfjord skal turnére med Highasakite». trdby.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 30. november 2021. Henta 25. februar 2021. 
  12. «Artistslipp! 7 sterke til Trondheim Calling 2019». Trondheim Calling (på norsk). Henta 25. februar 2021. «Blant artister som allerede er bekreftet finner vi 19 demoartister der flere spiller sin første konsert, og mer etablerte artister som The Dogs, Karin Park og dePresno. I tillegg kommer tidligere demoartister tilbake som headlinere, blant annet Pom Poko, The Fjords og Amanda Tenfjord.» 
  13. «Artistslipp! 7 sterke til Trondheim Calling». 
  14. Ellingsæter, Hilde Beate (9. desember 2019). «Dei siste kulturprisane i Haram er utdelt». Nordre (på norsk). Henta 25. februar 2021. 
  15. Nielsen, Jonathan Gaathaug (15. desember 2021). «Norsk artist representerer Hellas i ESC». NRK (på norsk bokmål). Henta 15. desember 2021. 
  16. «'Χάρηκα' - it's Amanda Tenfjord for Greece! 🇬🇷». Eurovision.tv (på engelsk). 15. desember 2021. Henta 15. desember 2021. 
  17. «Greece: Amanda Tenfjord releases her Eurovision 2022 song "Die Together"». wiwibloggs (på engelsk). 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022. 
  18. «Amanda Georgiadi Tenfjord - Greece - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. mai 2022. 
  19. Dønvold-Myhre, Lars Barreto (15. desember 2021). «Amanda fra Norge skal representere Hellas». dagbladet.no (på norsk). Henta 15. desember 2021. 
  20. Dønvold-Myhre, Lars Barreto (15. desember 2021). «Amanda fra Norge skal representere Hellas». dagbladet.no (på norsk). Henta 18. desember 2021. 
  21. «Musikk og medisin». engasjert.sbm.no (på norsk). Sparebanken Møre. 26. februar 2018. Henta 25. februar 2021. «På få år har legestudenten Amanda Tenfjord blitt en av musikk-Norges fremadstormende artister.» 
  22. «Tar friår for å være artist». NRK P3 (på norsk). 7. mars 2019. Henta 25. februar 2021. 
  23. «Leverte eksamen i medisin like etter Eurovisionfinalen». NRK (på norsk). 30. mai 2022. Henta 1. november 2022. 
  24. «Amanda Tenfjord (25) kombinerte medisinstudiar og Eurovision-finale». Framtida (på norsk). 21. august 2022. Henta 1. november 2022.