Ambortius O. Lindvig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ambortius O. Lindvig

Fødd30. september 1855
Kragerø kommune
Død9. mai 1946 (90 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Frisindede Venstre
Yrkepolitikar, reiar
Alle verv

Ambortius Olsen Lindvig (30. september 18559. mai 1946) var ein norsk skipsreiar og politikar frå Kragerø.

Far til Lindvig var skipsreiar. 1871 tok sonen styrmannseksamen og var til sjøs i 14 år, hovudsakleg på langfart. I ni år var han skipper. 1874/75 og 1876/77 lærte han språk i høvesvisTyskland og Frankrike. År 1885 slo han seg til i fødebyen som skipsreiar, seinare dreiv han og som skipsmeklar og eksportør av is. I si reiarverksemd satsa han på stålskip til fart på Mexico og India, seinare sette han inn dampskip. I 1914 disponerte han 15 dampskip.

Lindvig var medlem av formannskapet i Kragerø i 20 år, fleire år var han ordførar. Elles direktør i den lokale sparebanken, og mange kommunale verv.

Lindvig representerte Kragerø på Stortinget 1895-1900 og 1906-12. Han var medlem av tollkomiteen 1895-97 og sekretær i same 1898-1900. I 1906 vart han på nytt vald inn i tollkomiteen, nestformann 1908-12. Han var visepresident i Odelstinget 1908-09 og president 1910-12. 1909 var han medlem av den forsterka næringskomite nr 1 og 1910-12 av valkomiteen. Lindvig var fyrst tilslutta Venstre, seinare Frisinna Venstre. Han var handelsminister 1912-13 i Bratlie-regjeringa. Dei åra han var stortingsmann var han seks gonger permittert for å styre med forretningane sine.

Lindvig var president i Norges Rederiforbund 1915-18 og budde i Oslo frå 1912.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]