An Elder Scrolls Legend: Battlespire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
An Elder Scrolls Legend: Battlespire
Utviklar(ar)Bethesda Softworks
Utgjevar(ar)Bethesda Softworks
DistributørGOG.com, Steam
SerieThe Elder Scrolls
SpelmotorXnGine
Plattform(er)MS-DOS
Utgjeving30. november 1997
SjangerOpen verd, Overlevings skrekkspel, Fantasy, Action-rollespel
SpelemodusEnkeltspelar, fleirspelarmodus
Nettstadhttp://www.elderscrolls.com/battlespire/
Del av serien The Elder Scrolls

An Elder Scrolls Legend: Battlespire er eit open verd overlevings skrekk og action-rollespel utvikla og utgjeve av Bethesda Softworks, som tek stad i The Elder Scrolls-verda.

Battlespire handlar om ein trollmannslærling som må reise gjennom fleire riker i Oblivion og overvinna Mehrunes Dagon. Spelet fekk blanda tilbakemeldingar.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

I motsetning til andre The Elder Scrolls-spel, manglar Battlespire ein kvile-funksjon. Gjennom heile spelet er det ingen seljarar å kjøpa gjenstandar frå, og difor er det ikkje nokon gullmyntar å finne i spelet. Fiendar kjem ikkje tilbake når ein spelar forlèt eit områd, og dei er heller ikkje tilfeldige slik som dei var i Arena og The Elder Scrolls II: Daggerfall. Battlespire har ein multiplayer funksjon som fungerar gjennom nettverket GameSpy. Sjølv om GameSpy ikkje lenger vert støtta, kan ein spela multiplayer gjennom Kali-programvara.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Battlespire er oppkalla etter treningsanlegget for trollmannskrigarar («battlemages»). Spelaren er ein lærling som på sin eksamensdag oppdagar at ein hær av Daedra leia av Mehrunes Dagon har invadert og drepe nesten alle. Partnaren hans vert halden fanga av Mehrunes Dagon sjølv. Spelaren reiser gjennom sju nivå, som alle er forskjellege riker i Oblivion, for å kome fram til Mehrunes Dagon, overvinna han og reise tilbake til Tamriel.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Etter utgjevinga av Daggerfall byrja Bethesda med tre separate prosjekt på ein gong: Battlespire, Redguard og Morrowind, for det var blitt klårt at fansen ynskte fleire spel, oftare. Battlespire skulle opphavleg vera ein tilleggspakke til Daggerfall og ha tittelen Dungeon of Daggerfall: Battlespire. Spelet kom ut den 30. november 1997 og var det fyrste av dei tre prosjekta som blei utgjeve.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
GameSpot6,7/10
Game RevolutionD
PC Zone UK75/100

Battlespire fekk kritikk for sine tekniske problem. Spelet blei skildra som eit middelmådig RPG-spel, med mange bugs og glitches. På ei anna side gav PC Zone UK spelet ein score på 75%.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]