The Elder Scrolls III: Tribunal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Elder Scrolls III: Tribunal
Utviklar(ar)Bethesda Game Studios
Utgjevar(ar)Bethesda Softworks
Design(ar)Ken Rolston
ForfattarGavin Carter

Brian Chapin

Mark E. Nelson
SerieThe Elder Scrolls
SpelmotorGamebryo
Siste versjon1.4.1313
Plattform(er)Xbox, Microsoft Windows
UtgjevingMicrosoft Windows NA: 6. november 2002
SjangerAction RPG sandbox
SpelemodusEinspelar
MediumDVD, digital nedlasting
Nettstadhttp://www.elderscrolls.com/morrowind/expansions/
Del av serien The Elder Scrolls

The Elder Scrolls III: Tribunal er den fyrste utvidinga til Bethesda Game Studios The Elder Scrolls III: Morrowind. Ho føregår i byen Mournhold, hovudstaden i Morrowind, som ligg i den større byen Almalexia. Tittelen refererer til dei tre «Levande Gudane», kjend som The Tribunal.

Speleoppsett[endre | endre wikiteksten]

I staden for direkte å endra på den opphavlege spelverda, er byen Mournhold berre tilgjengelig gjennom teleportering. Spelaren kan ikkje sveve medan han er i Mournhold, fordi levitasjon ville avsløra at himmelen i Mournhold er som eit tak (sjølv om spelet seier at det er forbode av di det fornærmar Almalexia).

Ei endring som fylgde med utvidinga var ein modifikasjon av Morrowind sitt dagbok-system. I det opphavlege spelet kan spelaren si dagbok bli ekstremt lang og tungvint. Tribunal gjer at ein kan sortere innlegga etter oppdraga i staden for kronologisk rekkjefylgje. Ein annan ny funksjon er Museum of Artifacts, der eigaren av museet vil betale spelaren halvparten av verdien av ein gjenstand (opp til 30 000 gull) for svært sjeldne gjenstandar frå Morrowind. Dette er meir enn spelaren kan få for gjenstanden enn på nokon anna butikk. Museet startar med ein gjenstand, Stendarr sin hammar, og sett nye gjenstander til utstilling etter kvart som dei blir selt til museet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]