The Elder Scrolls III: Morrowind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Elder Scrolls III: Morrowind
The Elder Scrolls III - Morrowind - Text Logo.png
Utviklar(ar)Bethesda Game Studios
Utgjevar(ar)Bethesda Softworks, EU Ubisoft
Design(ar)Todd Howard, Ken Rolston
Komponist(ar)Jeremy Soule, Julian Soule
SerieThe Elder Scrolls
UtgjeveMicrosoft Windows

NA: 1. mai 2002
EU: 2. mai 2002

Xbox

NA: 6. juni 2002

EU: 22. november 2002
SjangerAction RPG
SpelemodusEinspelar
MotorGamebryo
MediumDVD, digital nedlasting

The Elder Scrolls III: Morrowind er eit open-world fantasy action RPG-videospel utvikla av Bethesda Game Studios, og utgjeven av Bethesda Softworks og Ubisoft. Det er det tredje hovudspelet i The Elder Scrolls-serien, etter The Elder Scrolls II: Daggerfall, og før The Elder Scrolls IV: Oblivion. Spelet kom ut i 2002 i Nord-Amerika til Microsoft Windows og Xbox. Spelet fekk gode tilbakemeldingar, selte over fire million kopiar[1] og vann meir enn 60 prisar, inkludert Game of the Year.[2] Det blei gjeve ut to utvidelsespakkar til PC: Tribunal og Bloodmoon. Båe blei inkludert i Morrowind: Game of the Year Edition, som kom ut den 30. oktober 2003 til både PC og Xbox.[3]

Hovudhistoria i Morrowind føregår på Vvardenfell, ei øy i Dunmer-provinsen Morrowind, som ligg i riket Tamriel. Morrowind er langt frå dei meir siviliserte landa i vest og sør som var i Daggerfall og The Elder Scrolls: Arena. Historia handlar om guddommen Dagoth Ur i det vulkanske Red Mountain, som ynsker å oppnå makt og frigjere Morrowind frå det imperialistiske styre.[4] Morrowind er designa med ein fri form for spelemåte i tankane, med mindre vekt på spelet si hovudhandling enn forgjengarane sine. Dette valet fekk blanda tilbakemelding, men spelet blei rost for den omfattande og detaljerte speleverda.

Modifisering[endre | endre wikiteksten]

Utviklaren av Morrowind, Bethesda Softworks, gir spelarar høvet til å attskapa verda med ei rekkje verktøy, slik som The Elder Scrolls Construction Set, som gjer at spelaren kan oppretta nye og redigera på speleverda, rasane og meir.[5] Spelaren sin karakter kan til dømes bli så sterk eller kjapp som brukaren ynskjer, noko som tillèt spelaren å oppleva spelet på ein måte som normalt ikkje ville vera mogleg innanfor mekanikken til spelet.[6] Desse modifiseringane, også kalla plugins eller berre mods, er vanlegvis lett å installera og kan endra på nesten alt i spelet.[7] Plugins kan inkludera nye skapningar, våpen, rustningar, oppdrag, NPC-ar, rasar, butikkar, hus, byar og meir. Per 2014 er Morrowind sitt modifikasjonssamfunnet endå aktivt. Døme på prosjekt oppretta av spelarane er til dømes Morroblivion[8] og Skywind, som forsøkjer på å attskapa den opphavlege Morrowind-provinsen i seinare Eldar Scrolls-spel.[9] Andre modifikasjonar endrar eller forbetrar dei grafiske aspekta av spelet, slik som belysning, 3D-modellar, fargar og teksturar. Det finst tusenvis av modifikasjonar laga av spelarane sjølv, men det er òg offisielle mods laga av Bethesda, slik som dømes Siege at Firemoth, som ligg på den offisielle nettstaden deira.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lynda Carter Joins the Voice Cast of The Elder Scrolls IV: Oblivion» (engelsk). Bethesda Softworks. 17.08.2005. Henta 21.juli 2015.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)
  2. «Lynda Carter Joins the Voice Cast of The Elder Scrolls IV: Oblivion» (engelsk). Bethesda Softworks. 10.08.2002. Henta 21.juli 2015.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)
  3. «Morrowind GOTY release dates» (engelsk). GameSpot. 30.10.2003. Henta 21.juli 2015.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)
  4. «The Story of Morrowind» (engelsk). The Imperial Library. 18.10.2010. Henta 21.juli 2015.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)
  5. «Morrowind - Key Features» (engelsk). Bethesda Softworks. 2004. Henta 21.juli 2015.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)
  6. «Morrowind Editor Q&A» (engelsk). GameSpot. 06.08.2000. Henta 21.juli 2015.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)
  7. «Destination Morrowind Editor preview» (engelsk). Planet Elder Scrolls. 11.01.2002. Henta 21.juli 2015.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)
  8. «Morroblivion Faq» (engelsk). Tes Renewal. Henta 21.juli 2015.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)
  9. «Tamriel Rebuilt» (engelsk). Henta 21.juli 2015.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)
  10. «"Morrowind Plugins"» (engelsk). Bethesda Softworks. Henta 21.juli 2015.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]