The Elder Scrolls IV: Oblivion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Elder Scrolls IV: Oblivion
Utviklar(ar) Bethesda Game Studios (Microsoft Windows & Xbox 360), Superscape (mobil), 4J Studios (PlayStation 3)
Utgjevar(ar) 2K Games (Microsoft Windows & Xbox 360), Vir2L Studios (mobil), Bethesda Softworks (PlayStation 3)
Komponist(ar) Jeremy Soule
Serie The Elder Scrolls
Sjanger Fantasy Action RPG
Spelmodus Enkeltspelar
Plattform(er) Microsoft Windows, mobile phone, PlayStation 3, Xbox 360
Utgjeving 20.mars 2006
Motor Gamebryo (grafikk), Havok (fysikk), SpeedTree (foliage)
Aldersgrense Mature 17+

The Elder Scrolls IV: Oblivion er eit action RPG-spel utvikla av Bethesda Game Studios og gjeve ut av Bethesda Softworks og Take-Two Interactive-dotterselskapet 2K Games. Det er det fjerde hovudtittlen i The Elder Scrolls-fantasy videospelserien, etter The Elder Scrolls III: Morrowind og før The Elder Scrolls V: Skyrim. Oblivion kom fyrst ut i mars 2006 til Microsoft Windows og Xbox 360. Mobiltelefonversjonen av spelet blei given ut i mai 2006, og ein PlayStation 3-versjon i mars 2007. Etter ein rekkje med mindre utgivingar med ekstainnhald, kjem det ei stor utvidingspakke, Shivering Isles, i 2007. The Elder Scrolls IV: Oblivion Game of the Year Edition (ein pakke som inkluderer både Shivering Isles og den offisielle utvidelsespakken Knights of the Nine) kom ut i 2007 til Microsoft Windows, Xbox 360 og PlayStation 3. Ei fem års-jubileumutgåve blei given ut i 2011.

Hovudhandlinga i Oblivion om at spelaren må hindre ein fanatisk kult kjend som «The Mythic Dawn» som planleggjar å opne portane til eit rike kalla «Oblivion». Spelet fortset å være eit open world-spel slik som forgjengarane sine. Spelaren kan reise kvar som helst i speleverda når som helst og kan ignorere eller utsetje den hovudhandlinga på ubestemt tid. Eit evigvarande mål for spelarane er å forbetre karakterens ferdigheiter, som er numeriske framstillingar av visse evner. Spelaren veljar sju større og viktigare ferdigheiter, medan resten blir kalla «mindre ferdigheitar».

Utviklinga av Oblivion byrja i 2002, rett etter utgivinga av Morrowind. Totalt sett blei Oblivion godt mottatt av kritikarane, og har vunne ei rekkje prisar. Spelet fekk skryt for den imponerande grafikken, omfattande speleverda og NPCane. Pr. november 2011, har spelet selt over 3,5 million eksemplar.

Spelestil[endre | endre wikiteksten]

Oblivion er eit rollespel (RPG) som er open world, som vil seie at spelet har ein open slutt og stor fridom.[1] Spelet sluttar aldri, og spelaren kan halda fram å spela etter å ha fullført oppdraga i hovudhandlinga.[2] Spelaren kan gjere store og små oppdrag, bli kjend med NPCar, kjempa mot monster, utvikla karakteren sin, og reisa kvar som helst i provinsen Cyrodiil medan ein spelar spelet (utanom dei områda som er bunde til eit spesielt oppdrag).[3] Spelet har eit «fast travel»-system, som ein kan bruka gjennom å trykkje på eit ikon på kartet som vil bli tilgjenge kvar gong spelaren oppdag ein nytt stad. Dei største byane i verda er låst opp frå byrjinga av spelet.[4]

Karakterutvikling er eit primært element i Oblivion. I byrjinga av spelet vel spelaren ein av rasane, som kvar har ulike naturlege evner, og tilpassar utsjånaden til karakteren sin.[5][6] Det er alltid eit mål for spelarane å forbetra karakteren sine dugleikar, som er presentasjonar av evnene deira i visse område uttrykt i tal. Tidleg i spelet blir det vald sju hovudferdigheiter, medan resten vert kalla mindre ferdigheiter.[7] Spelaren kjem opp i nivå opp kvar gong dei forbetrar hovudferdigheitene sine med ti poeng. Dette gjev høve til å forbetra eigenskapane sine.[8] Eigenskapar dekkjer større område og kan påverke fleire ferdigheiter, som til dømes «snøggleik» og «smidigheit», medan ferdigheiter er meir spesifikke, til dømes «tung rustning» eller «skarpskyttar».[9] Når spelaren kjem til anten 25, 50, 75 eller 100 poeng i ein ferdigheit blir det låst opp ein ny bonusevne knytt til denne ferdigheita. Alle dei 21 ferdigheitene i spelet fall under kategoriane ein eller fleire av kategoriane kamp, magi, og sniking. Kamp-ferdigheiter blir brukt til rustning og tunge våpen som knivar, økser, køller, og hamrar. Magiske ferdigheiter baserar seg på bruk av trylleformularar til å endra den fysiske verda, påverka andre, kjempa mot fiendar, mane fram monster, og til å lege sår. Snik-ferdigheiter tillèt spelaren å pirke opp låsar, pruta for varer, bruka tale til å manipulera folk, stele og ha ein utspekulert-kampstil, ved bruk av ein bue eller overraskingsåtak. Trylleformularane, våpen og andre verktøy som «lockpicks» som ein spelar treng kan kjøpast i butikkar, bli stole frå NPCar, funne som tjuvegods på lik av fiendar eller i grotter.[10]

Oblivion kan spelast i anten fyrste- eller tredjepersons-vising,[11] bortsett frå i mobil-versjonen, som blir spelt i isometrisk projeksjon. Spelaren kan endra på vanskegrada til ei kvar tid. Skjermen vis stadig HUD, som gjev informasjon om karakteren sitt liv, magi og utmatting, som alle kan aukast ved å komma opp i nivå. Liv kan bli restaurert ved hjelp av trylleformularar, eliksirar eller ved å sove. Tap av alt liv vil resultera i daud. Magi blir brukt når spelaren kastar trylleformularar, men kjem tilbake naturleg over tid eller ved hjelp av å sove eller drikke eliksirar. Utmatting påverkar karakteren sin effektivitet i kamp, og kan lindrast på same måte som liv og magi. Verda er fylt med ei rekkje fiendar, inkludert typiske fantasy-monster som gnomar og troll, og dyr som bjørn og ulv. Fiendar blir sterkare og får betre våpen og rustningar når spelaren kjem opp i nivå. Denne nivåskaleringa og nivåsystemet generelt har fått kritikk for å gjere spelet ubalansert. Karakterar med hovudferdigheiter som aukar kjappare slik som «friidrett» eller «rustning» kan komme opp i nivå for fort, noko som gjer spelet vansklegare enn det som var meininga.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Cyrodiil har 9 byar; Bruma, Chorrol, Cheydinhal, Imperial City, Skingrad, Kvatch, Anvil, Bravil og Leyawiin.

Handlinga i Oblivion skjer etter hendingane i The Elder Scrolls III: Morrowind, men det er ikkje ein direkte oppfølgjar til det eller nokon av dei andre spela.[12] Handlinga går føre seg i Cyrodiil, ein provins i Tamriel, kontinentet der alle spela i serien så langt har funne stad.[13] Historia byrjar med at spelaren er fengsla for eit ukjend lovbrot. Spelaren blir oppdaga av fangen i cella over gangen, der den ertande dialogen er avhengig av kva for ein rase spelaren har valt. Keisar Uriel Septim VII kjem inn i fengselet, leidd av imperiske livvakter kjend som The Blades, på flukt frå leiemordarar som har myrda dei tre sønene til keisaren og no er på jakt etter han. Keisaren og The Blades avdekkjer at cella til spelaren har ein hemmeleg inngang til ein del av kloakken i byen som fungerar som ein rømmingsveg. Spelaren blir benåda av keisaren og følgje gruppa i kloakken, der dei kjem under åtak av leiemordarane. Alle bortsett frå ein av The Blades-medlemmane blir drepne i kampane som følgjer. Når Uriel Septim skjønnar at han det er hans skjebne er å blir drepen av mordarane, gir han spelaren Amulet of Kings, ein amulett som blir boren av Septim-keisarar i Tamriel. Han beordrar spelaren å bringe den til ein mann kalla Jauffre, stormeisteren til The Blades. Umiddelbart etterpå drep ein av snikmordarar keisaren. Spelaren flyktar frå kloakken og drar ut i den opne verda Cyrodiil.

Mangelen på ein arving til Uriel Septim har brote ei gammal pakt som gjeld barrieren til Oblivion, eit farleg rike i ein annan dimensjon. Fleire portalar til Oblivion opnar seg i Cyrodiil, noko som byrjar dei magiske skapningane kalla Daedra sin invasjonen av Tamriel. Jauffre fortel spelaren at den einaste måten å lukke portane permanent er å finne nokon med kongeleg blod for å gjenerobre trona og gjentenne Dragonfires med hjelp av Amulet of Kings i Imperial City. Heldigvis har Uriel Septim ein uekte son med namn Martin, som er prest i byen Kvatch. Når spelaren kjem til Kvatch har byen blitt øydelagt av Daedra og har svært få overlevande igjen. Ein enorm Oblivion-portal blokkerar inngangen til byen, og spelaren må våge seg inn til Deadlands, ein del av Oblivion, for å stenge den frå innsida og så kunne kome seg inn til byen. Etter å ha lukka portalen, går spelaren inn i Kvatch og tek tilbake byen frå Daedra med hjelp frå gjenlevande gardistar. Martin har overlevd og spelaren overtalar han til å bli med til Weynon Priory.

Spelaren, no anerkjend som Hero of Kvatch, returnerar til Weynon Priory med Martin, berre for å oppdage at staden har blitt besøkt av snikmordarar og at Amulet of Kings har blitt stole. Spelaren eskorterar Jauffre og Martin til Cloud Ruler Temple, festningen til the Blades. Der blir Martin anerkjent som keisaren og er gjeven kommandoen over the Blades. Spelaren er offisielt blitt ein del av organisasjonen og start på letinga etter amuletten. Etter å ha samla informasjon finn spelaren ut av at gruppa som er ansvarleg for Uriel Septim sitt attentat og tjuveri av amuletten er Mythic Dawn, ein kult dedikert til tilbedinga av Mehrunes Dagon, den daedriske prinsen av tilinkjesgjering. Kulten meiner at Dagon er den sanne skaparen av verda og ynskjer at han skal "reinse" den for alle ureiningar. Å drepe keisaren og dermed fjerne barrierane til Oblivion var det fyrste skrittet i å realisere denne idéen. Ved å studere kulten sine bøker, Commentaries on the Mysterium Xarxes, finn spelaren ut av the Mythic Dawn sin opphaldsstad. Spelaren infiltrerar så opphaldsstaden i håp om å finne amuletten. Idet spelaren gjer det, tek kult-leiaren, Mankar Camoran, med seg amuletten inn i ein portal. Spelaren stel boka som hadde opna den portalen og tek den med til Martin, som finn ein måte å opne denne portalen på. Spelaren treng å finne tre gjenstandar som er naudsynte for å gjenskape portalen: ein daedrisk artefakt, rustninga til den fyrste Septimen keisaren, og ein stor Welkynd-stein. Når alle tre er funne, avdekkjer Martin at ein siste ingrediens er naudsynt: ei stor Sigil Stone frå innsida av ei stor Oblivion-portal lik den som var utanfor Kvatch. Martin og Jauffre bestem seg for å tillate byen Bruma å bli gått til åtak på av Daedra slik at ein stor portal vil opne seg. Når den er der, får spelaren tak i steinen og steng portalen.

Spelaren blir sendt gjennom ein portal blir laga på Cloud Ruler Temple, som sendar han til Camoran sitt paradis. Spelaren kjempar mot Daedra, Mythic Dawn-medlemmar og andre hindringar, for å til slutt konfrontera Camoran sjølv og drepe han. Spelaren returnerar med the Amulet of Kings til Martin, og drar til Imperial City med The Blades for å gjentenne the Dragonfires og avslutte den daedriske invasjonen. Byen under åtak av Daedra og ein enorm figur av Mehrunes Dagon sjølv. Spelaren og Martin kjempar seg fram til the Temple of the One. Martin forklarar at dei er makteslause mot Dagon og at dei berre kan beseire han éin måte. Han tek farvel med spelaren og knuser den Amulet of Kings, slår seg saman med sjelen til Akatosh, Tida sin dragegud, og blir dermed ein figur av Akatosh. Etter ein kamp, kastar Akatosh Dagon tilbake i Oblivion og slepp ut ein mektig brøl før han blir om til stein. Martin, viss sjel blei fortærd av amuletten, startar livet sitt etter døden med forfedrane sine. I ein telepatisk monolog til spelaren med ein optimistisk type, forklarer at medan Amulet of Kings er øydelagt og trona igjen ligg tom, er portalane til Oblivion no stengt for alltid, og at framtida til Tamriel no ligg i henda til spelaren. Imperiet sin rikskansler takker spelaren for tenesta si under krisa og vel dei som den 7. meisteren av Cyrodiil.

Andre oppdrag[endre | endre wikiteksten]

Det er mange andre klanar og organisasjonar spelaren kan bli medlem i utanom The Blades som spelaren får moglegheit til i hovudhandlinga.

  • The Fighters' Guild er ein leiesoldat-organisasjon, der forretningar med vald er involvert.
  • The Mages' Guild er ein akademisk trollmannsorganisasjon der medlemmane studerer mellom anna magi, alkymi og kjemi. Dei er imot necromancy, som handlar om forheksing av lik.
  • The Thieves' Guild er ein ulovleg klan med tjuv som myndigheitene nektar for at finst. Dei held mellom anna på med smugling av stolne varer og har tiggarane som sine «auger og øyrer». Leiaren deira er the Gray Fox.
  • The Arena er ein Gladiator-gruppering i Imperial City.
  • The Dark Brotherhood er ein ulovleg leiemordar-klan.

Tilleggsinnhald[endre | endre wikiteksten]

Det kom ut to tilleggspakkar til Oblivion. The Elder Scrolls IV: Shivering Isles blei given ut den 27. mars 2007 til Windows og Xbox 360. The Elder Scrolls IV: Knights of the Nine kom ut den 21. november 2006.

Tilbakemelding[endre | endre wikiteksten]

Oblivion fekk universell anerkjenning frå kritikarane, og blei ein kommersiell suksess. Spelet hadde selt 1,7 million eksemplar innan 10 april 2006, over 3 million eksemplar i januar 2007 og over 3,5 million pr. november 2011.

Endring i aldersgrensa[endre | endre wikiteksten]

Den 3. mai 2006, endra Entertainment Software Rating Board (ESRB) i Nord-Amerika aldersgrensa på Oblivion fra T (Teen 13 +) til M (Mature 17 +).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kasavin, Greg GameSpot. (25.mars 2006.). The Elder Scrolls IV: Oblivion Review (Xbox 360) (Engelsk). CBS Interactive.. Vitja 23.juli 2015.
  2. Rorie, Matthew.. The Elder Scrolls IV: Oblivion Game Guide. (Engelsk). CBS Interactive. GameSpot. s.43.. Vitja 23.juli 2015.
  3. Kasavin, Greg (25.mars 2006.). The Elder Scrolls IV: Oblivion Review (Xbox 360) (Engelsk). GameSpot.. Vitja 23.juli 2015.
  4. Onyett, Charles. (24. mars 2006). The Elder Scrolls IV: Oblivion (Engelsk). IGN Entertainment.. Vitja 23.juli 2015.
  5. Kasavin, Greg GameSpot. (25.mars 2006.). The Elder Scrolls IV: Oblivion Review (Xbox 360) (Engelsk). CBS Interactive.. Vitja 23.juli 2015.
  6. The Elder Scrolls IV: Oblivion (Manual) (PDF) (Engelsk). Bethesda Softworks. s. 16–17.. Vitja 23.juli 2015.
  7. Kasavin, Greg (25.mars 2006.). The Elder Scrolls IV: Oblivion Review (Xbox 360) (Engelsk). GameSpot.. Vitja 23.juli 2015.
  8. Joynt, Patrick. (26. mars 2007). The Elder Scrolls IV: Oblivion Review (PS3) (Engelsk). GameSpy. IGN Entertainment.. Vitja 23.juli 2015.
  9. The Elder Scrolls IV: Oblivion (Manual) (PDF). (Engelsk). Bethesda Softworks. s. 18–19. Vitja 23.juli 2015.
  10. The Elder Scrolls IV: Oblivion Guide & Walkthrough – PlayStation 3 (PS3) – IGN. (Engelsk). IGN Entertainment. s. 28. Vitja 23.juli 2015.
  11. Joynt, Patrick. (26. mars 2007). The Elder Scrolls IV: Oblivion Review (PS3) (Engelsk). GameSpy. IGN Entertainment. Vitja 23.juli 2015.
  12. The Elder Scrolls IV: Oblivion Q&A – Overview, Character Development, Fallout (Engelsk). GameSpot (28.oktober 2004). Vitja 21.juli 2015.
  13. [The Elder Scrolls IV: Oblivion Official Game Guide]. ISBN 0-7615-5276-6 s.77–133. Prima Games.