Hopp til innhald

Anapa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anapa
Анапа
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Krasnodar kraj
Høgd 20 m
Areal 40 km²
Folketal 84 804 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1781
   Bystatus 1846
Postnummer 353417–353457
Retningsnummer (+7) 86133
Kart
Anapa
44°53′40″N 37°19′00″E / 44.894444444444°N 37.316666666667°E / 44.894444444444; 37.316666666667
Wikimedia Commons: Anapa

Anapa (russisk Ана́па) er ein by i Krasnodar kraj i Russland med om lag 85 000 innbyggjarar. Han ligg ved Svartehavet, rundt 130 km vest for Krasnodar.

Byen er ein ferie- og rekreasjonsstad med mange kurstader og hotell. Saman med Sotsji og fleire andre byar langs den russiske svartehavskysten har han vorte langt meir populær etter oppløysinga av Sovjetunionen, som etterlet tradisjonelle sovjetiske feriebyar på Krim og i republikken Abkhasia i Georgia på andre sida av grensa.

Området rundt Anapa har vore busett sidan antikken. Han var først ei viktig hamn (Sinda) og seinare hovudstad i Sindica. Kolonien Gorgippia vart bygt på same stad som Sinda på 600-talet f.kr. av grekarar som kalla opp byen etter ein konge av Bosporus. På 200- og 100-talet f.kr. blømde Gorgippia med skipseigarane her frå som kontrollerte sjøtrafikken i den austlege delen av Svartehavet. Gorgippia eksisterte til 300-talet, då han vart herja av nomadiske stammer. Desse stammene gav Anapa det noverande namnet. Byen vart seinare erobra av Det osmanske riket, som bygde ei festning her i 1791. Festninga vart fleire gonger angripe av Russland og vart nesten fullstendig øydelagd under den siste omleiringa i 1829.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Anapa