Gelendzjik
Gelendzjik | |||
Геленджик | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Føderasjonssubjekt | Krasnodar kraj | ||
Høgd | 30 m | ||
Areal | 123 km² | ||
Folketal | 80 534 (1. januar 2025) | ||
Grunnlagd | 1831 | ||
• Bystatus | 1915 | ||
Postnummer | 353460–353497 | ||
Retningsnummer | (+7) 86141 | ||
![]() Gelendzjik 44°33′39″N 38°04′36″E / 44.560833333333°N 38.076666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Gelendzhik |
Gelendzjik (russisk Геленджи́к) er ein by i Krasnodar kraj i Russland med om lag 80 000 innbyggjarar. Han ligg ved Svartehavet, rundt 90 km sørvest for Krasnodar.

I antikken låg det ein mindre gresk utpost i Gelendzjikbukta, kalla Torikos av Periplus av Pseudo-Scylax. Han er ukjend i hellenistiske kjelder, men dukkar opp igjen i romerske kjelder som Pagrae i 64 f.kr. Ein liten gresk busetnad som er grave ut i Gelendzjik er av enkelte forskarar identifisert som Torikos. Pagrae vart skildra som den austlege grensa til Kongedømet Bosporos. Skildringane om desse busetnadane er så fragmentert at det derimot ikkje er mogeleg å trekke sikre konklusjonar.[1] Kolonien vart utsletta av hunarane under invasjonen deira. I mellomalderen vart bukta nytta av handelsmenn frå Genova, som kalla landsbyen Maurolaca.
Før Russland sikra seg kystlinja ved Adrianopeltraktaten i 1829, gjekk det føre seg ein livleg slavehandel mellom fjellfolka i Kaukasus og Det osmanske riket. Sidan dei tsjerkessiske kvinnene vanlegvis vart seld for gull og andre varer, før dei vart frakta til tyrkiske seraglioar, så vart marknadsplassen kjent som «Gelendzjik» («kvite bruder»). I 1831 vart det bygt eit fort ved Gelendzjik, som ein del av fleire russiske festningsverk langs Svartehavet. Då krimkrigen braut ut måtte fortet øydeleggast og forlatast. Det vart igjen busett av kosakkar i 1864 og vart ein stanitsa kalla Gelendzjikskaja. Han fekk bystatus under namnet Gelendzjik i 1915.
I sovjetperioden vart Gelendzjik utvikla som ein kur- og feriestad. Byen har sandstrender, tre vassparkar, to taubaner og to ortodokse kyrkjer (frå 1909 og 1913).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Онайко Н.А., Архаический Торик. Античный город на северо-востоке Понта. Moscow, 1980.
- Denne artikkelen bygger på «Gelendzjik» frå Wikipedia på bokmål, den 18. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |