Hopp til innhald

Tuapse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tuapse
Туапсе
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Krasnodar kraj
Høgd 20 m
Areal 33,41 km²
Folketal 60 089 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1838
   Bystatus 1916
Postnummer 35280x
Retningsnummer (+7) 86167
Kart
Tuapse
44°06′00″N 39°05′00″E / 44.1°N 39.083333333333°E / 44.1; 39.083333333333
Wikimedia Commons: Tuapse

Tuapse (russisk Туапсе́, adygisk ТIуапсэ) er ein by i Krasnodar kraj i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved nordaustkysten av Svartehavet, rundt 100 km sør for Krasnodar.

Byen er eit stort senter for folkeslaget sjapsugar, der rundt 10 000 bur i Tuapse. Sjølv bynamnet Tuapse skal visstnok vere adygisk (tʷʼa.psə, som tyder «to vatn»), men namnet er òg omtalt i tidlege greske kjelder som Topsida.

Den noverande busetnaden vart grunnlagt i 1838 som det russiske fortet Veljaminovskoje (russisk: Вельяминовское). Eitt år seinare vart han okkupert og jamna med jorda av sjapsugane, men han vart straks bygd opp att. Under krimkrigen tok tyrkarane fortet og heldt det i to år (1857-59). Mellom 1875 og 1897 heitte landsbyen Veljaminovskij Posad (russisk Вельяминовский посад). Han fekk bystatus i 1916.

Under sovjettida vart byen utvikla til ei viktig utskipingshamn for olje og endepunktet for ei oljerøyrleidning frå Groznyj og Majkop som vart ferdigstilt i 1928. Av dei viktigaste industriane i byen er oljeraffineri og eit skipsverft. Byen er òg ein viktig turiststad og er det nordlege senteret for eit turistområde som strekkjer seg sørover til Sotsji.

Plasseringa ved dei vestlegaste Kaukasusfjella gjev byen eit særs mildt klima.

Innan byområdet ligg òg dei to større stadene Novomikhailovskij (10 335 innbyggjarar) og Dsjubga (5 194 innbyggjarar).

Vêrdata for Tuapse
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 8,4 8,9 11,8 16,6 21,3 25,3 28,7 29,3 25,3 20,2 14,4 10,3 18,4
Døgnmiddeltemperatur °C 5,5 5,6 8,3 12,8 17,1 21,2 24,3 24,7 20,7 15,9 10,8 7,3 14,5
Gjennomsnittleg min °C 2,7 2,4 4,8 8,9 12,9 17 20 20 16 11,5 7,2 4,2 10,6
Gjennomsnittleg nedbør mm 161,1 120,6 107,8 92,6 93,4 88,3 90 95,6 121,6 123,8 158,6 174,7 1 428,1
Kjelde: Погода и климат Туапсе

Kjente personar frå Tuapse

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tuapse