Anatolij Fomenko
Utsjånad
| Anatolij Fomenko | |||
| | |||
| Fødd | Анато́лий Тимофе́евич Фоме́нко 13. mars 1945 Donetsk | ||
|---|---|---|---|
| Nasjonalitet | Sovjetunionen, Russland | ||
| Område | topologi, variasjonsrekning, differensialgeometri, Liealgebra, liegruppe, alternativ historie-litteratur, matematikk, fysikk, geometri, revisjonisme | ||
| Yrke | matematikar, topolog, universitetslærar, skribent, fysikar | ||
| Institusjonar | Statsuniversitetet i Moskva | ||
| Alma mater | Fakultet for mekanikk og matematikk ved Statsuniversitetet i Moskva | ||
| Doktorgradsrettleiar | Pyotr Rashevsky Valentin Rumjantsev | ||
| Medlem | Det russiske vitskapsakademiet | ||
Anatolij Timofejevitsj Fomenko (fødd 13. mars 1945) er ein russisk doktor i fysikk og matematikk og medlem i Det russiske vitskapsakademiet. Han er professor ved Universitetet i Moskva.
Fomenko vart fødd i Donetsk i Sovjetunionen (i det noverande Ukraina.) Anatolij Fomenko er forfattar av ei rekkje bøker om utviklinga av nye statistiske metodar og det å bruka dei til å analysera historiske krønike, samt antikken og mellomalderen. Fomenko er ein forkjempar for å drastisk revidera kronologisk historie. Han har skapt sin eigen revisjon som vert kalla Ny kronologi, som er basert på statistiske tilhøve, og å studera matematikk og astronomi.
Dei fleste russiske vitskapsfolk reknar dei historiske verka til Fomenko for å vera pseudovitskaplege.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Teksten er henta frå Engelsk Wikipedia om Fomenko.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |