Anders Bakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Bakken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. juni 1955
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Anders Bakken (fødd 20. juni 1955) er ein tidlegare norsk langrennsløpar. Han er frå Lillehammer og tevla for Lillehammer Skiklub. Bakken vart noregsmeister ein gong, på femmila i 1981. Han vann elles tre bronsemedaljar i NM-renn. Beste meisterskapsplassering i verdsmeisterskap var ein 12. plass på femmila i Lahti-VM 1978. Hans fremste internasjonale prestasjon kom då han sigra på 15-kilometeren i Lahti i 1979.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1978: Nr 12 på 50 km og nr 13 på 30 km under VM i Lahti
  • 1979: Vinnar av 15 km og 3. plass på 50 km i Lahti
  • 1980: Nr 3 på 15 km i Holmenkollen. Nr 15 på 50 km under Olympiske leikar i Lake Placid
  • 1981: Nr 2 på 50 km i Lahti (ikkje verdscuprenn)

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1976: Nr 7 på 50 km i Oppdal
  • 1977: Nr 4 på 50 km i Røros
  • 1978: Bronsemedalje på 50 km på Konnerud
  • 1979: Nr 4 på 50 km i Rindal
  • 1980: Bronsemedalje på 15 km i Asker
  • 1981: Gullmedalje på 50 km og bronsemedalje på 30 km i Eidsvoll
  • 1982: Nr 9 på 50 km i Trondheim
  • 1983: Nr 8 på 50 km i Lillehammer

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar