Anders N. Næsset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Anders Næsset)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravminne over Anders N. Næsset

Anders Nilsson Næsset (1. april 187222. november 1949) var ein norsk fiskar og organisasjonsleiar frå Uthaug i Sør-Trøndelag, formann i Norges Fiskarlag og stortingsmann for Venstre.

Næsset var fødd på ein husmannsplass og var fiskar frå unge år. Frå 1889 til 1901 dreiv han lofot- og finnmarksfiske og vart høvedsmann allereie frå sist i tenåra. Elles deltok han 1892-1930 i storsildfisket på strekninga frå Kinn i sør til Trøndelag i nord. Perioden 1901-25 dreiv han bankfiske frå Halten nordover til Røst, i alle år som skipper.

Næsset var med å stifte Ørlands Fisker og Sjømandsforening i 1896, leiar av foreininga 1907-37. Under skipinga av Norges Fiskarlag i 1926 vart han vald til nestformann i laget, eit ombod han hadde til han vart vald til formann i 1932. Han leia Fiskarlaget 193-37 og var frå 1927 til 1947 formann i fylkeslaget Sør-Trøndelag Fiskarlag. Elles var han styremedlem i Storsildlaget frå 1928. Noregs Fiskarlag kåra Næsset til heidersmedlem i 1947 og reiste ein bautastein over grava hans på Ørland kyrkjegard.

I tida 1916-40 og 1945-49 var Næsset heradsstyremedlem. Valperioden 1931-33 representerte han partiet Venstre på Stortinget, der han var med i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Han vart tildelt Kongens fortenstemedalje i gull og Redningsselskapet si sølvmedalje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]