Andesrikse
| Andesrikse | |
Andesrikse Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, 1894 (public domain) | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av andesrikse | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Tranefuglar Gruiformes |
| Familie: | Riksefamilien Rallidae |
| Slekt: | Rallus |
| Art: | Andesrikse R. semiplumbeus |
| Vitskapleg namn | |
| Rallus semiplumbeus | |
Andesrikse (Rallus semiplumbeus) er ei rikse som er endemisk for Colombia. Ho har utbreiing i páramo-myrer, savannar og våtmarker i departementa Cundinamarca og Boyacá i austlege Andes, ikkje langt frå Bogotá.
Dette er ein lita til mellomstor rikse, 25–30 cm i lengd, som er skifergrå frå sidene av andletet og bakover til buken. Halsen og brystet er òg i bleikgrått. Bakre del av flankene er svart med noe irregulære, kontrastrike, kvite tverstriper. Oversida er olivenbrun til raudbrun. Beina og nebbet har avdempa raudfarge.

Dei beitar gjerne i vassige habitat, så dietten er variert og sett saman av virvellause dyr, blautdyr og insekt, makk, rumpetroll, og froskar. Dei kan òg ta plantemateriale. Normalt har dei habitatet i høgder frå 2500 moh. opp til 4000 moh., i utbreiingsområdet er dette både páramo-myrer og savannar.
Andesrikse er venteleg monogame og dannar territorium. Forplantingsbiologien er ikkje kjent.
Denne riksearten har ein estimert populasjon på totalt 1500-3750 og er minkande. Han er klassifisert som sterkt truga (EN) fordi utbreiiingsområdet ikkje er større enn 730 km2 og habitatet framleis blir innskrenka og utarma.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- del Hoyo, J., Collar, N. & Christie, D.A. (2014). Bogota Rail (Rallus semiplumbeus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 9. april 2015
- BirdLife International (2015) Species factsheet: Rallus semiplumbeus Arkivert 2015-04-05 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 9. april 2015
- Referansar