Andrea Benvenuti
| Andrea Benvenuti | |
| Statsborgarskap | Italia |
| Fødd | 13. desember 1969 (56 år) Negrar di Valpolicella |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Andrea Benvenuti (fødd 13. desember 1969) er italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Negrar i provinsen Verona. Han vart europameister på 800 meter i 1994.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Benvenuti vart italiensk meister på 800 m i 1992. Under dei olympiske leikane i Barcelona same året kvalfiserte han seg til finalen, der han låg sist i feltet til dess han på oppløpssida sprang i mål til ein femteplass. Seinare i sesongen sette han italiensk rekord med tida 1.43,92, hans alle snøggaste løp på distansen.
Under europameisterskapen 1994 i Helsinki vann Benvenuti den fyrste semifinalen framom norske Atle Douglas, i det andre seimfinaleløpet sigra Vebjørn Rodal, også han nordmann. Finalen gjekk føre seg i roleg tempo den fyrste runden, ut på andrerunden gjekk det i spurttempo. Med tida 1,46,12 vann Benvenuti ein rimeleg klar siger framom Rodal og spanjolen Tomas de Teresa.
To år seinare nådde Benvenuti semifinalane under Sommar-OL 1996 i Atlanta, der han gav opp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Andrea Benvenuti» frå Wikipedia på tysk, den 5. juni 2015.