Atle Douglas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Atle Douglas
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. juni 1968
Oxford
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Atle Thorold Lancelot Douglas (fødd 9. juni 1968 i Oxford i England) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar som spesialiserte seg på 800 meter.

Atle Douglas vart fødd i Oxford i 1968, men voks opp i Bergen. Han fekk norsk statsborgarskap i 1990. Ein yngre bror, Quincy Douglas er også friidrettsutøvar. Atle Douglas representerte BFG Fana, SK Vidar, Bergen FIK, IL Gular og IL Norna-Salhus i løpet av tida som aktiv.

Atle Douglas har høg og tynn kroppsform. Ifylgje Sports-reference.com er han 192 cm høg, men veg berre 79 kg.[1] Frå 1987 til 1995 vann han i ti NM i friidrett; fire av desse var på 400 meter, seks på 800 meter. I 1992 sprang han 800 meter på 1.45.15 på Bislett stadion, og han slo med det Audun Boysen sin noregsrekord frå 1955. Han deltok også i Sommar-OL 1992 i Barcelona, men kom ikkje fram til finalen.

Året etter slo han sin eigen noregsrekord to gonger, og han fekk Kongepokalen i friidrett same året. Han deltok i VM i friidrett i Stuttgart i 1993, utan resultat. Under EM i friidrett 1994 i Helsingfors enda han på 8. plass i finalen på 800 meter. I VM i friidrett i Göteborg nådde han ikkje finalen, og heller ikkje under Sommar-OL 1996 i Atlanta.

Atle Douglas sin personlege rekord på 800 meter er på 1.43.69, og vart sett i Rieti i september 1995.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]