Andreas Sigurdsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Sigurdsen
Fødd 2. februar 1861
Skien
Død

23. august 1939

Yrke Tollar, politikar

Andreas Sigurdsen (2. februar 186123. august 1939) var ein kemner og stortingsmann frå Skien i Telemark. På Stortinget representerte han Venstre.

Sigurdsen var son til ein maltmeister. Sjølv arbeidde han på eit sakførarkontor frå 1876. Deretter var han frå 1881 i tolv år fullmektig hos futen i Nedre Telemark. Tida 1893-95 var han fungerande fut for same distriktet. Frå 1896 til 1926 var han kemner i Skien. Til sist var han borgarmeister i Skien i ni år frå 1926.

Sigurdsen var med i leiinga av fråhaldsfolket sitt fellesutval i åra frå 1891 til 1906, vekselvis som formann, nestformann eller sekretær. Han var òg forstandar (styreleiar) for Skiens hospital frå 1894 til 1900. I 1909 vart han formann for dissentartinget, eit verv han hadde i sytten år. Sjølv høyrde han til ein baptist-kyrkjelyd.

Sigurdsen tok sete på Stortinget som representant for Skien frå 1913. Han vart attvald for ein ny periode, 1916-18. I den fyrste valbolken var han nestformann i justiskomite nr 1, i den andre medlem av same komiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]