Andreas Stoltenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Stoltenberg
Fødd 21. juli 1815
Trondenes
Død

1. juli 1877
Lødingen

Yrke politikar

Andreas Vincent Stoltenberg (21. juli 18151. juli 1877) var ein norsk gardbrukar, fyrvaktar og stortingsmann frå Trondenes i Troms.

Stoltenberg var son til ein gardbrukar i Trondenes. Han tok over farsgarden, Årnes, og dreiv denne til 1862. Sidan i livet var han fyrvaktar på Hjertholmen fyr i Lødingen i Nordland.

Stoltenberg hadde mange kommunale verv, og var medlem av fleire kongelege kommisjonar; 1855 om Lofotfisket, 1859 om sildefisket i Nord-Noreg, 1861 om handelen i Finmarken og 1877 om hamnestellet.

Frå 1857 til han døydde i 1877 møtte på fleire av stortinga. Han representerte Finmarkens Amt i 1857, 1859-60, 1862-63 og på omframtstortinga 1858 og 1864. Sidan representerte han Nordland 1865-66, 1874-76 og 1877-sesjonen. Stoltenberg var medlem av næringskomite nr 1 i 1857, 1859-60, 1862-63, 1865-66, 1874-77. På omframtstortinget 1858 var han med i bankkomiteen og i 1864 i komiteen som avgjorde senkinga av innsjøen Øyeren. Frå 1875 var han medlem av Lagtinget. I 1860 var Stoltenberg med i sendelaget som deltok på vegne av Stortinget under kongekroninga i Trondheim.

Stoltenberg drukna under bading på Hjertholmen i 1877.

(Fornamnet Anders som er nytta i Lindstøls verk er feil, alle andre kjelder nyttar Andreas, inkludert kyrkjebøker og folketeljingar.)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]