Andres Grindland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andres Grindland
Fødd21. september 1854
Død3. mai 1924 (69 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Andres Jonsson Grindland (21. september 18543. mai 1924) var ein ein lærar, jurist, journalist og stortingsmann frå Finsland i Vest-Agder. Han var medlem av Venstre.

Grindland var son til ein gardbrukar. Sjølv vart han seminarist frå Holt i 1875, og var dei neste fire åra lærar. Han vart student i 1880 og cand. jur. i 1886. Frå 1886 var han overrettssakførar i Kristiansand, ei tid også redaktør av Fædrelandsvennen. I 1911 vart han sorenskrivar i Setesdal.

Grindland var medlem av Kristiansand bystyre i fleire år, og formann i skulestyret i byen frå 1901-08. Heile tida frå 1900 til 1909 var han 1. varamann til Stortinget. Etter Johannes Hougen fekk sete i regjeringa sommaren 1909, møtte Grindland på Stortinget. Han var medlem av budsjettkomiteen. Valperioden 1910-12 var han fast stortingsrepresentant for Baneheia krins. Då var han sekretær i justiskomiteen, og det meste av perioden også av Lagtinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]