Anita Krohn Traaseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anita Krohn Traaseth

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. desember 1971 (52 år)
Sandefjord kommune
Yrke næringslivsleiar, forretningsdrivande
Anita Krohn Traaseth på Commons

Anita Krohn Traaseth (fødd 16. desember 1971 i Sandefjord) er ein norsk næringslivsleiar. Ho var administrerande direktør i Innovasjon Norge frå 2014 til 2019[1] og administrerande direktør i Hewlett-Packard Norge AS frå 2012 til 2014. Ho er no styreleiar i ei rekkje selskap og organisasjonar, blant dei Startup Norway[2] og Bocuse d’Or Norge.[3]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Traaseth er oppvaksen i Sandefjord, og flytta seinare til Oslo. Ho har utdanning innan leiing og kommunikasjon frå Handelshøyskolen BI.[4] Ho starta karrieren sin som trainee i IBM i 1996.[5] Ho har vore administrerande direktør i kommersialiseringsselskapet Simula Innovation og leiar av gründerselskapet Intelligent Quality. Ho var strategidirektør i Det Norske Veritas Software frå 2002 til 2005.[6] Ho vart tilsett som leiar for den norske programvareavdelinga av Hewlett-Packard i 2009, og var administrerande direktør i Hewlett-Packard Norge frå 2012 til 2014. I august 2012 byrja ho å publisere ein personleg blogg om leiing med tittelen Tinteguri.[7][8]

I 2014 vart Traaseth tilsett som administrerande direktør i Innovasjon Norge.[9][10] I 2018 vart det kjent at styreleiaren Per Otto Dyb ønskte å setje stillinga til Traaseth på dagsorden i styret, og i samband med dette skreiv Aftenposten at Traaseth i 2016 hadde fått ei skriftleg åtvaring frå eit samla styre i Innovasjon Norge for blant anna mangelfull rolleforståing, manglande evne til å ta kritikk og problematiske utspel, og med ei liste på 13 «forbetringspunkt».[11] Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen stansa styrebehandlinga.[12][13][14] Etter at Per Otto Dyb fekk beskjed om at han ikkje var innstilt til attval som styreleiar og deretter trekte seg,[15] uttala fungerande styreleiar Jørand Ødegård Lunde at «styret har tillit til administrerende direktør så lenge ikke noe annet er behandlet i styret».[16] Dei tillitsvalde i Innovasjon Norge gav si støtte til Traaseth.[17] Avisa Dagens Næringsliv fann ingen kritikk mot Traaseth i styreprotokollane.[18] 22. november 2018 sa Traaseth opp stillinga si i Innovasjon Norge.[19] Resultatet for Innovasjon Norge det året vart skildra av Aftenposten som «tidenes beste».[20]

2. juli 2019 vart det kunngjort at Traaseth skulle leie regjeringa sitt rådgjevande utval for innovasjon og vekst i grøntsektoren.[21] I august 2019 vart Traaseth også tilsett i ei seks månaders prosjektstilling som rådgjevar for rektor Curt Rice ved Oslomet – storbyuniversitetet.[22][23] I juli 2019 vart Traaseth styremedlem i European Innovation Council.[24]

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Den 3. mars 2014 publiserte Traaseth som debutant på Cappelen Damm boka Godt nok for de svina: en leders refleksjoner om mot, sårbarhet og troverdighet, og boka gjekk rett inn på fyrsteplass på bestseljarlista i Noreg i kategorien «generell litteratur».[25] I august 2014 vart boka lansert på engelsk, på Amazon.com som e-bok. I september 2019 kom Traaseth sin fyrste roman Kamel uten filter på forlaget Aschehoug. Våren 2020 lanserte ho saman med Fremantle media mentorpodcasten Godt nok for de svina, som låner namnet frå den fyrste boka hennar. [26] I april 2021 kom Fisken på disken, ein frittståande oppfølgjar til Godt nok for de svina, og også denne gjekk rett inn på fyrsteplass på bestseljarlista.[27]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Traaseth har motteke fleire prisar, blant dei:

  • Top 50 Global Business Thinkers 2018 av Thinkers 50 Radar[28]
  • Top 10 Diversity Champions – The Economist's Global Diversity List 2015
  • Top 20 Women in Business in Northern Europe 2015
  • Top 50 Most Inspiring Women in Tech 2014/2015[29]
  • Årets sosiale medier-personlegdom i 2013 av Kampanje[30]
  • Odaprisen 2012, som beste kvinnelege leiar i IT-bransjen i Norge[31]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Godt nok for de svina : En leders tanker om mot, sårbarhet og troverdighet, Cappelen Damm (2014) ISBN 978-82-02-43706-0
  • Good Enough for the ‘Bastards’: Courage - Vulnerability - Credibility. Confessions of a Female Leader, Cappelen Damm (2014)
  • Kamel Uten Filter, Aschehoug (2019).
  • Fisken på disken: Om å ta valg, Cappelen Damm (2021).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Anita Krohn Traaseth forlater Innovasjon Norge». E24 (på norsk bokmål). Henta 23. november 2018. 
  2. «Startup Norway team and contact information | Startup Norway». startupnorway.com. Henta 26. oktober 2021. 
  3. Bocuse. «Styret i Stiftelsen». Bocuse'dOr Norge (på norsk bokmål). Henta 26. oktober 2021. 
  4. Olav Garvik, Stian Brekke. «Anita Krohn Traaseth». Store norske leksikon. Henta 21. mars 2021. 
  5. «Anita Krohn Traaseth, LinkedIn». LinkedIn. 28. november 2012. 
  6. aftenposten.no Anita Krohn Traaseth ny direktør i Innovasjon Norge 23.05.2014
  7. tinteguri, arkivert frå originalen 9. februar 2014, henta 9. mars 2023 
  8. Denne søknaden ga henne topplederjobben – Aftenposten, 30. august 2012
  9. innovasjonnorge.no Anita Krohn Traaseth ny administrerende direktør i Innovasjon Norge 22.05.2014
  10. Jansen, Merete (2. april 2019). «Alle bør være organisert, mener direktør Anita Krohn Traaseth i Innovasjon Norge». frifagbevegelse.no (på norsk bokmål). Henta 3. mai 2019. 
  11. «Styret ga Innovasjon Norge-direktør Anita Krohn Traaseth en liste på 13 forbedringspunkter», Aftenposten 9. mars 2018
  12. Lerø, Magne. «Krohn Traaseth som verneverdig». Dagens Perspektiv (på norsk bokmål). Henta 30. august 2019. 
  13. Hagesæther, Robert Gjerde Pål Vegard. «Sterk misnøye med toppsjefen i Innovasjon Norge – statsråden stanset styrebehandling av saken». Aftenposten. Henta 30. august 2019. 
  14. Lohne, Jørgen. «Reagerer på Innovasjon Norge-avsløring: – Bør få konsekvenser om statsråden har blandet seg inn på «utilbørlig måte»». Aftenposten (på norsk bokmål). Henta 30. august 2019. 
  15. Oterholm, Gard (16. mars 2018). «Valgkomiteen i Innovasjon Norge vraket styreleder – trenger mer tid». www.dn.no. Henta 30. august 2019. 
  16. Elvevold, Eirik Billingsø. «Konstituert styreleder i Innovasjon Norge: – Styret har tillit til administrerende direktør». E24 (på norsk bokmål). Henta 30. august 2019. 
  17. Støbakk, Torun (5. mars 2018). «Tillitsvalgte slår ring om Krohn Traaseth». dagbladet.no (på norsk). Henta 13. november 2022. 
  18. Oterholm, Gard (16. mars 2018). «Valgkomiteen i Innovasjon Norge vraket styreleder – trenger mer tid». www.dn.no. Henta 30. august 2019. 
  19. Anita Krohn Traaseth går av som administrerende direktør i Innovasjon Norge, Aftenposten, 23. november 2018
  20. Journalist Sveinung Berg Bentzrød (12. mars 2018). «– Det føles ekstra godt å legge frem slike resultater akkurat nå». Aftenposten (på norsk bokmål). Henta 30. august 2019. 
  21. «Krohn Traaseth leder rådgivende utvalg for innovasjon og vekst i grøntsektoren». Regjeringen.no (på norsk). Landbruks- og matdepartementet. 2. juli 2019. Henta 28. august 2019. 
  22. «Krohn Traaseth skal hjelpe Curt Rice med ledelse på Oslomet», Khrono, 29. august 2019
  23. «Anita Krohn Traaseth engasjert ved OsloMet». forskning.no (på norsk). Oslomet - storbyuniversitetet. 29. august 2019. Henta 30. august 2019. 
  24. Anita Krohn Traaseth starter som rådgiver for Europakommisjonen - Aftenposten 27. juli 2019
  25. Rogne, Vebjørn (14. mars 2014). «Godt nok for de svina | BOK365.no». BOK365.no (på norsk bokmål). Henta 25. august 2018. 
  26. Jerijervi, Dag Robert. «Traaseth lanserer ny podkast med Fremantle». kampanje.com (på norsk bokmål). Henta 14. mai 2020. 
  27. Steenberg, Nora; Steenberg, Nora (23. april 2021). «Slenger fisken på disken». BOK365.no (på norsk bokmål). Henta 15. august 2022. 
  28. «On the Radar 2018 - Thinkers 50». Thinkers 50 (på engelsk). Henta 27. august 2018. 
  29. «These are Europe's most inspiring women in tech». Improve Digital (på engelsk). 12. februar 2015. Henta 30. august 2019. 
  30. Jerijervi, Dag Robert. «Wasim Zahid kåret til årets personlighet: - Jeg er et produkt av sosiale medier». kampanje.com (på norsk bokmål). Henta 30. august 2019. «I fjor gikk denne prisen til «Snapchat-helsesøster»Tale Maria Krohn Engvik, også kjent som «Helsesista». Tidligere har Anita Krohn Traaseth, Hans-Petter Nygård-Hansen og Ingeborg Volan fått utmerkelsen, for å nevne noen.» 
  31. Noer, Eva. «Oda-prisen 2012». members.odanettverk.no. Henta 30. august 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Anita Krohn Traaseth