Annegret Richter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Annegret Richter
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 13. oktober 1950 (73 år)
Dortmund
Yrke friidrettsutøvar, sprintar
Språk tysk
Høgd 167 centimeter

Annegret Richter, fødd Irrgang, (fødd 13. oktober 1950) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Dortmund som representerte Vest-Tyskland og vart olympisk meister på 100 meter i 1976 og vann OL-gull i 4 x 100 meter stafett i 1972.

Annegret Irrgang fekk den siste plassen på de vesttyske stafettlaget som sprang inn til gull i 4 x 100 meter stafett i europameisterskapen 1971. Dei andre på laget var Elfgard Schittenhelm, Inge Helten og Ingrid Mickler-Becker. Under Sommar-OL 1972 i München vart ho som Annegret Richter nummer fem og beste vesttyske utøvar på 100-meteren. Avslutningsdagen i leikane sprang som ho i EM året før den tredje etappen for eit vesttysk vinnarlag i stafett. Saman med Christiane Krause, Mickler-Becker og Heide Rosendahl sette ho verdsrekord med tida 42,81 sekundar, 14 hundredels sekund framom dei austtyske kvinnene på sølvplassen. To år seinare var posisjonane omsnudd ved EM i Roma, Aust-Tyskland vann 4 x 100 m stafett framom Richter og Vest-Tyskland.

Under dei olympiske sommarleikane 1976 sette Richter verdsrekord på 100 meter med 11,01 sekundar i semifinalane. I finalen sprang ho i mål til gullmedalje på tida 11,08, og slo dei andre medaljevinnarane, austtyske Renate Stecher og lagkamerat Inge Helten, med høvesvis fem og ni hundredels sekund. Tre dagar seinare var Richter nær ved å vinne dobbelt då ho sette personleg rekord på 22,39 sekundar og tok sølv på 200 meter, slått med fattige to hundredels sekund av austtyske Bärbel Eckert. Som ankerkvinne for Aust-Tyskland lukkast Eckert også i 4 x 100 m stafett å snyte Richter for ein gullmedalje. Etter at Richter hadde gjort unna tredjeetappen sprang Eckert i mål på tida 42,55, medan Richters vesttyske lagkamerat fekk notert 42,59.

Richter var ikkje aktiv i 1978-sesongen, men kom tilbake og tangerte sin eigen personlege rekord på 11,01 i 1979. Vest-Tyskland boikotta Sommar-OL 1980 i Moskva og Richter la deretter opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]