Anoushka Shankar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anoushka Shankar
Anoushka Shankar.jpg
Anoushka Shankar i 2007
Fødd 9. juni 1981 (37 år)
London
London
Instrument

Sitar (også song, piano og tanpura)

Sjanger Klassisk indisk musikk, crossover
Aktive år Frå 1995
Yrke komponist, låtskrivar, skodespelar, skribent, sitarspiller
Plateselskap Angel, Deutsche Grammophon
Nettstad http://www.anoushkashankar.com/

Anoushka Shankar (fødd 9. juni 1981) er ein britisk sitarspelar og komponist av indisk opphav. Ho har verka innan indisk og vestleg klassisk musikk, jazz og elektronika. Anoushka Shankar er dotter av sitarspelaren Ravi Shankar, som også var den første musikklæraren hennar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Anoushka Shankar blei fødd i London som dotter av Sukanya Rajan og Ravi Shankar. Songaren Norah Jones er halvsystera hennar. Musikaren og kunstnaren Shubhendra Shankar (1942–1992) var halvbroren.

Foreldra til Anoushka gifta seg då ho var åtte, og familien delte tida si mellom London og New Delhi. Seinare flytta familien til Encinitas i California, der ho tok den vidaregåande utdanninga si.[1]

Anoushka Shankar fekk formell og uformell opplæring i indisk dans og karnatisk song av mora og i hindustanimusikk som byrja med tanpura og fortsette med sitar av faren.[1] Ho lærte også å spela klaver, men slutta då ho utvikla senebetennelse.[1]

Anoushka og Ravi Shankar opptrer i Fes i 2007.

I 1995, tretten år gammal, debuterte Anoushka Shankar som sitarspelar. Konserten var ein del av feiringa til faren sin 75-årsdag i New Delhi, og Anoushka spelte med den kjende tablaspelaren Zakir Hussain. Same året gjorde ho sitt første opptak med faren på In Celebration. Etter debuten byrja Anoushka Shankar å ta del i faren sine turnear, og opptredde mellom anna i Carnegie Hall i New York.[1] Som fjortenåring tok ho del i faren sitt suksessalbum Chants of India som var produsert av George Harrison. Seksten år gammal skreiv ho platekontrakt med Angel Records, og gav ut det første soloalbumet sitt Anoushka (1998). Ho gjekk ut frå high school i 1999 og bestemte seg for å utsetja vidare utdanning til fordel for musikkarierren. Det andre albumet hennar Anourag kom ut i 2000. For det tredje albumet sitt, Live at Carnegie (2001), blei Anoushka Shankar nominert til ein grammypris for beste verdsmusikkalbum som den første kvinna i kategorien og den yngste musikaren til då.[2] Systera hennar Norah Jones vann seks prisar ved same utdelinga.

Etter dei tre utgjevingane av klassisk indisk musikk tok Anoushka Shankar ein innspelingspause der ho fokuserte på å utvikla seg sjølv som ein soloartist og komponist. Ho framførte 50-60 turnear årleg ulike stader i verda. I 2005 gav ho ut sitt første sjølvkomponerte, sjølvproduserte og eksperimentelle album, RISE.[2] Dette blei nominert til grammyprisen for «Best Contemporary World Music Album». Ved grammyutdelinga i 2006 framførte ho material frå RISE. I 2007 gav ho ut Breathing Under Water saman med Karsh Kale. Albumet blandar sitarspel med elektronika, og hadde mellom anna Norah Jones, Sting og Ravi Shankar som gjesteartistar.

I 2011 skreiv Shankar platekontrakt med Deutsche Grammophon og gav ut albumet Traveller, der indisk musikk møtte flamenco gjennom artistar som Buika, Pepe Habichuela og Duquende.[2] I 2013, året etter at faren døydde, gav ho ut det personlege albumet Traces of You med Norah Jones som einaste vokalist. Albumet var produsert av Nitin Sawhney og blei grammynominert innan World Music-kategorien. I juli 2015 vende Shankar tilbake til klassisk indisk musikk med Home, skrive og produsert av henne sjølv.

Shankar har også teke del i innspelingane til andre artiastar, mellom anna Sting, Lenny Kravitz, Thievery Corporation, Nitin Sawhney, Herbie Hancock og Rodrigy y Gabriela. Ho har opptredd saman med ei rekkje ulike musikarar som fiolinisten Joshua Bell, cellisten Mstislav Rostropovitsj og fløytisten Jean-Pierre Rampal.

På minnekonserten for George Harrison i 2002 i Royal Albert Hall (Concert for George) spelte ho ein sitarsolo, Harrison-songen «The Inner Light» saman med Jeff Lynne og «Arpan» av Ravi Shankar med Eric Clapton på akustisk gitar og eit orkester av indiske og vestlege musikarar. I 2008 gjorde ho og Jethro Tull ein planlagd konsert i Mumbai om til ein støttekonsert kalla A Billion Hands etter at ei rekkje terroråtak råka byen.[3]

Shankar har også spelt i ein film, Dance Like a Man (2004), og skrive ulike tekstar. Ein biografi om faren, Bapi: The Love of My Life kom ut i 2002. Shankar har også vore skribent for det indiske bladet First City Magazine og for avisa Hindustan Times.

Shankar er busett i London der ho bur med ektemannen Joe Wright og to søner.[2]

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Tittel Detaljar Listeposisjonar
FRA
[4]
SPA
[5]
SWI
[6]
US
[7]
US
Heat.

[8]
US
World

[9]
Anoushka
Anourag
  • Gjeve ut: 15. august 2000
  • Selskap: Angel Records
Rise
  • Gjeve ut: 27. september 2005
  • Selskap: Angel Records
29 2
Breathing Under Water
(med Karsh Kale)
177 40 6
Traveller 144 62 4 2
Traces of You 190 90 77 185 4 1
Home 3
Land of Gold 5

Remix-album[endre | endre wikiteksten]

  • Rise Remixes (2006)

Live- og samlealbum compilations[endre | endre wikiteksten]

  • Full Circle: Carnegie Hall 2000 (2000)
  • Live at Carnegie Hall (2001)
  • Concert for George (2003)
  • Live in Concert at the Nehru Park, New Delhi (2005)
  • Healing the Divide: A Concert for Peace and Reconciliation (2007)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • AdariniIn Celebration, komponert av Ravi Shankar, 1995
  • Chants Of India – Ravi Shankar; George Harrison, med Anoushka som dirigent og assistent, 1997
  • Sacred Love – av Sting, 2003
  • 8 classical ragas performed on ShankaRagamala komponert av Ravi Shankar, 2005
  • Rebirth – skrive av Gaurav Raina, Tapan Raj og Anoushka Shankar. MIDIval Times, 2005
  • Beloved – av Anoushka Shankar, remiksa av Thievery Corporation – Versions, 2006
  • Mandala – med Anoushka Shankar på sitar. Skrive med Hilton Garza, Radio Retaliation
  • Charu Keshi Rain – skrive av Nitin Sawhney og Anoushka Shankar, London Undersound, 2008
  • Variant Moods – Duet For Sitar & Violin (nedkorta versjon) komponert av Ravi Shankar, At Home With Friends by Joshua Bell, 2009
  • Ixtapa - Rodrigo y Gabriela & CUBA med Anoushka Shankar på sitar, 2012

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Anoushka Shankar Biography». Musician Biographies. Net Industries. Arkivert frå originalen den 3 February 2009. Henta 20 January 2009. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Biography, anoushkashankar.com 
  3. Jamkhandikar, Shilpa (5 December 2008), «Mumbai hosts first concert after deadly attacks», Reuters 
  4. «Discographie Anoushka Shankar». Lescharts.com. Hung Medien. Henta 22 May 2016. 
  5. «Anoushka Shankar - Traces Of You». Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 22 May 2016. 
  6. «Discographie Anoushka Shankar». Hitparade.ch. Hung Medien. Henta 22 May 2016. 
  7. «Anoushka Shankar - Billboard 200 chart». Billboard. Henta 22 May 2016. 
  8. «Anoushka Shankar - Top Heatseekers Albums chart». Billboard. Henta 22 May 2016. 
  9. «Anoushka Shankar - Top World Albums chart». Billboard. Henta 22 May 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]