Ravi Shankar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ravi Shankar
Ravi Shankar.jpg
Ravi Shankar opptrer på Woodstock.
Fødd 7. april 1920
Varanasi
Død

11. desember 2012
San Diego

Ravi Shankar (fødd 7. april 1920 i Varanasi, daud 11. desember 2012 i San Diego) var ein indisk bengalsk sitarspelar og komponist.

Ravi Shankar dreiv med hindustanimusikk (klassisk indisk musikk), men tilnærma seg også vestleg musikk gjennom samarbeid med vestlege musikarar som George Harrison, Yehudi Menuhin og Philip Glass.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Shankar var født i Varanasi i India som den yngste av sju brør, men berre fire levde opp.[1][2][3] Faren var ein suksessrik advokat og mora var dotter av ein landeigar.

Som tiåring drog Ravi til Paris der broren Uday dreiv ei dansegruppe.[4][5] Han turnerte med gruppa i Europa og USA, og lærte både dans og musikk.[2][3] Han blei også kjend med vestleg kultur som klassisk musikk, jazz og film.[6]

Ravi Shankar speler ragaen Madhuvanti under Shiraz kunstfestival på 1970-talet.

I 1934 høyrde Shankar Allauddin Khan, hovudmusikaren ved hoffet til fyrstestaten Maihar, spela ved ein musikkonferanse i Calcutta. Uday overtalte maharadjaen av Maihar til å la Khan reisa med gruppa hans som solospelar på ein europeisk turné i 1935.[6] Shankar fekk noko opplæring av Khan under turneen, og fekk tilbod om skikkeleg undervising om han gav opp turneringa og kom til Maihar.[6] I 1938 gav han opp dansen for å konsentrerar seg om musikk.

Foreldra hans var døde då Shankar kom tilbake til India. Han budde med Khan sin familie i det tradisjonelle guruku-systemet.[4] Khan lærte han ragaer og musikkstilane dhrupad, dhamar og khyal. Shankar lærte særleg å spela sitar og surbahar, men også teknikken til instrumenta rudra-vina, rubab og sursingar.[4][7] Han trente ofte saman med barna til Khan, Ali Akbar Khan, som blei ein langvarig samarbeidspartner, og Annapurna Devi, som han ei tid var gift med.[8] Shankar hadde sin første offentlege konsert på sitar i desember 1939. Debutframføringa hans var ein jugalbandi (duett) med Ali Akbar Khan, som spelte sarod.[9]

Etter å ha blitt ferdig opplært i 1944 flytta Shankar til Bombay og verka som komponist. Han blei med i Indian People's Theatre Association, som han skreiv balletmusikk for.[2][10] 25 år gammal skreiv han musikk til den poulære patriotiske songen «Sare Jahan Se Achcha».[11][12]

Frå 1949 til 1956 var Shankar musikalsk direktør for All India Radio i New Delhi.[2] Ved stasjonen grunnla han Indian National Orchestra og komponerte musikk for det, ofte ved å kombinera vestleg og indisk instrumentering.[13] Han laga også filmmusikk, mellom anna til Satyajit Ray sin Apu-trilogi.[3][14] Han var musikalsk direktør for fleire filmar, som Godaan og Anuradha.[15]

Flygeblad for ein konsert med Ravi Shankar og Alla Rakka i Wisconsin i 1967.

I 1956 byrja Shankar å turnera i Europa og Amerika. Han auka interessa for indisk klassisk musikk gjennom framføringar og undervising, og dyrka musikalsk samarbeid gjennom vennskap med fiolinisten Yehudi Menuhin og Beatles-medlemmen George Harrison. Påverknaden hans på Harrison og The Beatles hjelpte til med å gjera indiske instrument i popmusikk («ragarock») populære på 1960-talet. Han tok del på fleire av dei kjende festivalane på 1960-talet, som Monterey Pop Festival i 1967 og Woodstock i 1969. Han fekk også mykje merksemd då han oppredde på The Concert for Bangladesh i 1971.

Shankar skreiv fleire stykke for sitar og vestleg orkseter, og la ut på fleire verdsturnear på 1970- og 1980-talet. Frå 1986 til 1992 var han medlem av Rajya Sabha, overhusert til Det indiske parlamentet. I 1999 blei han tildelt Bharat Ratna, den høgaste sivile utmerkinga i India.

Ravi Shankar i 2009.

Han fortsette å framføra musikk fram til enden av livet sitt. Rundt ein månad før han døydde, den 4. november 2012, spelte han sin siste konsert ved Terrace Theater i Long Beach i California saman med dottera Anoushka Shankar.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Shankar gifta seg med ei av døtrene til musikklæraren Alauddin Khan, i 1941..[7] Annapurna Devi spelte surbahar, ein djupare sitartype, og dei spelte gjerne saman. Paret fekk sonen Shubhendra Shankar i 1942, men gjekk seinare frå kvarandre. Shankar hadde seinare tilhøve med den klassiske dansaren Kamala Shastri og med konsertarrangøren Sue Jones, som han fekk dottera Norah Jones med i 1979.

Han fekk dottera Anoushka Shankar med Sukanya Rajan i 1981, og gifta seg med henne i 1989.[16]

Shubhendra «Shubho» Shankar spelte både sitart og surbahar. Han var ofte med faren på turnear. Shubhendra døydde av lungebetennelse i 1992.[17]

Norah Jones blei kjend som jazzmsusikar på 2000-talet, og vann åtte Grammy-prisar i 2003.[18] Same året var halvsystera Anoushka Shankar nominert til ein grammypris for beste verdsmusikkalbum.[18] I 2013 var Anoushka og den då avdøde Ravi Shankar nominerte for beste verdsmusikkalbum med ulike album.[19] Også i 2013 samarbeidde dei to systrene på albumet Traces of You, som blei nominert til ein grammypris i 2014.

Den eksperimentelle fusion-musikaren Ananda Shankar er ein nevø av Ravi Shankar.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Album (utval)
  • Three Ragas (1956)
  • Music of India (1962)
  • Improvisations (1962)
  • India's Most Distinguished Musician in Concert (1962)
  • Ravi Shankar (Odeon Records, India catalogue) (1963)
  • India's Master Musician (1963)
  • In London (1964)
  • Ragas & Talas (1964)
  • The Master Musicians of India (med Ali Akbar Khan) (1964)
  • Portrait of Genius (1964)
  • Sound of the Sitar (1965)
  • West Meets East med Yehudi Menuhin]] (også kalla Menuhin Meets Shankar) (1967)
  • The Exotic Sitar and Sarod (1967)
  • A Morning Raga/An Evening Raga (1968)
  • The Sounds of India (1968)
  • In New York EP (1968)
  • West Meets East, Volume 2 med Yehudi Menuhin (1968)
  • Music of India A Dhun and a Raga with Ali Akbar Khan (1969)
  • Six Ragas (1970)
  • The Exciting Music of Ravi Shankar (1970)
  • Concerto for Sitar & Orchestra med the London Symphony Orchestra og André Previn (1971)
  • Shankar in Japan (1979)
  • Homage to Mahatma Gandhi (1981)
  • Inside the Kremlin (1988)
  • Passages med Philip Glass (1990) (Atlantic Records)
  • Concert for Peace: Royal Albert Hall (1995)
  • Vision of Peace: The Art of Ravi Shankar (2000)
  • Full Circle: Carnegie Hall 2000 (2001)
  • Flowers of India (2007)
  • Symphony with London Philharmonic Orchestra and David Murphy (2012)
  • The Living Room Sessions Part 1 (2012)
  • The Living Room Sessions Part 2 (2013)
Bøker

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lavezzoli 2006, s. 48
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Hunt, Ken, Ravi Shankar – Biography, http://www.allmusic.com/artist/ravi-shankar-p3434/biography, henta 15 July 2009 
  3. 3,0 3,1 3,2 Massey 1996, s. 159
  4. 4,0 4,1 4,2 Slawek 2001, s. 202–203
  5. Ghosh 1983, s. 55
  6. 6,0 6,1 6,2 Lavezzoli 2006, s. 50
  7. 7,0 7,1 Lavezzoli 2006, s. 52
  8. Lavezzoli 2006, s. 51
  9. Lavezzoli 2006, s. 53
  10. Ghosh 1983, s. 57
  11. Sharma 2007, s. 163–164
  12. Deb, Arunabha (26 February 2009). «Ravi Shankar: 10 interesting facts». Mint. http://www.livemint.com/2009/02/26212701/Ravi-Shankar-10-interesting-f.html. Henta 18 July 2009. 
  13. Lavezzoli 2Ravi ShankarRavi ShankarRavi Shankar006, s. 56
  14. Schickel, Richard (12. februar 2005), The Apu Trilogy (1955, 1956, 1959), http://www.time.com/time/specials/packages/article/0,28804,1953094_1953142_1953289,00.html, henta 14. oktober 2010 
  15. A lesser known side of Ravi Shankar, 12. desember 2012, http://blogs.hindustantimes.com/capital-closeup/2012/12/12/a-lesser-known-side-of-ravi-shankar/, henta 12. desember 2012 
  16. «Balaji temple in Hyderabad was stage for Pandit Ravi Shankar's secret wedding». The Times of India. http://timesofindia.indiatimes.com/city/hyderabad/Balaji-temple-in-Hyderabad-was-stage-for-Pandit-Ravi-Shankars-secret-wedding/articleshow/17593798.cms. Henta 13. desember 2012. 
  17. Lindgren, Kristina (21. september 1992), Shubho Shankar Dies After Long Illness at 50, http://pqasb.pqarchiver.com/latimes/access/61210384.html?FMT=ABS, henta 31. august 2009 
  18. 18,0 18,1 Venugopal, Bijoy (24 February 2003), Norah's night at the Grammys, Rediff.com, http://www.rediff.com/us/2003/feb/24grammy.htm, henta 5 November 2009 
  19. Jamkhandikar, Shilpa (6. desember 2012), It's Ravi Shankar versus daughter Anoushka at the Grammys, http://in.reuters.com/article/2012/12/06/anoushka-ravi-shankar-grammys-idINDEE8B50CN20121206, henta 12. desember 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]