Antje Harvey
Antje Harvey | |
![]() | |
Fødd | 10. mai 1967 (53 år) Magdeburg |
Yrke | skiskyttar, langrennsløpar |
Antje Harvey på Commons |
Antje Harvey, tidlegare Antje Misersky, (fødd 10. mai 1967) er ein tidlegare tysk langrennar og skiskyttar frå Magdeburg som vart olympisk meister på 15 km skiskyting i 1992 og verdsmeister med Tyskland sitt stafettlag i 1995. Ho vann ytterlegare fire internasjonale medaljar, ei av dei i langrenn.
Langrenn[endre | endre wikiteksten]
Antje Misersky tok til som langrennsløpar. 17 år gammal var med ho med på det austtyske laget som tok bronsemedaljen på 4 x 5 km stafett under Ski-VM 1985 i Seefeld. Far hennar var då austtysk langrennstrenar, men etter at han nekta å gje dottera steroidar vart både han og ho pressa til å slutte.
Skiskyting[endre | endre wikiteksten]
I 1989 byrja Misersky med skiskyting. To år seinare deltok ho for Tyskland då det vart stafettbronse i VM i skiskyting 1991 i Lahti. Deretter vann ho gullmedaljen på 15 km under Vinter-OL 1992 i Albertville. Ho fylgde opp suksessen med sølvmedaljar både på 7,5 km og på 4 x 7,5 km stafett.
Under vinterleikane 1994 på Lillehammer vart det eit nytt stafettsølv på henne og Tyskland, året etter gjekk ho på laget som sigra på VM-stafetten i Antholz. Dei andre på laget var Uschi Disl, Simone Greiner-Petter og ankerkvinna Petra Behle.
Utvandring og pris[endre | endre wikiteksten]
Misersky gifta seg i 1993 med ein USA-amerikanar. Ho utvandra til USA i 1995 og busette seg i delstaten Utah. I 2005 vart ho tildelt Heidi-Krieger-medaljen, for å ha nekta å delta i den systematiserte dopinga av idrettsutøvarar i DDR-staten.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Antje Harvey» frå Wikipedia på tysk, den 8. mars 2015.