Ar Rass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 25°52′N 43°30′E
Ar Rass
الرس
by
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Region Al Qassim-provinsen
Koordinatar 25°52′N 43°30′E
Folketal 133 000 (2010)
Folketettleik 4 200 / km²
Tidssone EAT (UTC+3)
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ar Rass

Rass (òg skrive Ar Rass, AlRass eller Al-Ras; arabisk الرس) er ein saudiarabisk by i Al Qassim-provinsen. Han ligg sørvest for Buraydah, hovudstaden i provinsen og nord for Riyadh, hovudstaden i landet.

Han er den tredje største byen i Al Qassim-provinsen etter folketal og har kring 133 000 innbyggjarar (2010). Han har eit areal på kring 60 km². Rass tyder «ein gammal brunn» på arabisk, og vart nemnd i eit dikt av Hassan Bin Thabit, diktaren som var ein følgjesvein (sahaba) til Muhammed.[treng kjelde]

Byen har 19 offisielle under-guvernement, og er omgjeve av kring 200 landsbyar, og ein beduinsk busetnad, hovudsakleg på sør- og vestsida.

Stad[endre | endre wikiteksten]

Rass ligg i Al Qassim-provinsen, sentralt i Saudi-Arabia. Han ligg nesten 400 km nord for Riyadh, 50 km vest for Unaizah, og kring 80 km sørvest for Buraydah, regionshovustaden. Byen ligg sør for Al Khabra, vest for Badaya'a, aust for Qasr Bin Okayel, og nord for Dakhnah.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Rass har eit typisk terreng for Nejd, med sanddyner kring byen, utanom i vest og i sør, der det ligg beduinske busetnader. Wadi Al Rumma (Rummadalen) kryssar byen frå sørsida til nordaustsida. Det er fleire mellomhøge platå, og låge fjell kring byen, hovudsakleg i sør. Desse vert av lokale kalla Jebel Algoshie.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Rass har eit typisk ørkenklima, med kjølige vintrar og svært varme og tørre somrar. Middeltemperaturen om vinteren ligg mellom 8 og 21 °C. Juni til september er dei varmaste månadane og kan stundom nå opp mot 50ºC på det aller varmaste.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Fotballaget i byen, Al Hazm spelar på det øvste nivået i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]