Unaizah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om busetnaden i Saudi-Arabia. For busetnaden i Qatar, sjå Onaiza.
Koordinatar: 26°5′2.4″N 43°59′38.4″E
Unaizah
محافظة عنيزة
guvernement
none Ash Shabili St, Unaizah
Ash Shabili St, Unaizah
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Region Al Qassim-provinsen
Koordinatar 26°5′2.4″N 43°59′38.4″E
Folketal 163 729 (2010)
 - by 4 140 000
Borgarmeister Abdulaziz Al Bassam
Borough Guvernør Fahad Al Sulaim
Postnummer 51911
Retningsnummer +966-16
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Unaizah
Nettstad: www.um.gov.sa

Unaizah (arabisk عنيزة ʿUnaizah) eller offisielt Unaizah guvernement (òg skrive Onaizah, Onizah eller Unayzah; arabisk محافظة عنيزة Muḥāfiẓat ʿUnaizah) er ein by i Saudi-Arabia i Al Qassim-provinsen. Han ligg sør for provinshovudstaden Buraydah og nord for Riyadh, hovudstaden i landet. Han er den nest største byen i Al-Qassim-provinsen med eit folketal på 163 729 (2010).[1][2]

Historisk har Unaizah vore ein viktig stoppestad for muslimske pilegrimar frå Mesopotamia (no Irak) og Persia (no Iran) på veg til Mekka. Mange forskarar og historikarar trur at Unaizah var busett hundrevis av år før islam spreidde seg.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Unaizah ligg sør for Al-Qassim-provinsen i hjartet av den historiske regionen Najd. Han ligg kring 30 kilometer frå Buraydah (provinshovudstaden) og meir enn 300 km nord for Riyadh. Unaizah ligg nord og sentralt i Najd og sør for Wadi Al Rumma (Rummadalen), som er den lengste dalen på Den arabiske halvøya. Han er omgjeven av sanddyner i nord og vest, som vert kalla Al-Ghamis-sanden. Al-Ghadha-skogen ligg nord for byen. Like ved Unaizah ligg Al-Aushaziyah saltsjø (eller Sabkha), som offisielt vert rekna som ein del av byen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Unaizah har eit typisk ørkenklima. Vintrane er kjølige og då kan det kome noko regn, medan somrane er steikande varme og særs tørre.

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Palmar i Unaizah
Purregard (kurrat) i Unaizah
Ein del av Unaizah internasjonale daddelfestival i 2008.

Unaizah er eit jordbruksområde og produserer kveite og bygg. Her vert òg dyrka druer, grapefrukt, sitroner, purre, mandarinar, appelsinar, granateple og dadlar.

Purre (kurrat) er ein særs viktig del av den lokale kulturen i Unaizah, og utgjer ein stor del av jordbruket her.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. http://www.cdsi.gov.sa/component/content/article/143

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]