Arafatberget
Jabal Arafat | |
fjell | |
Land | ![]() |
---|---|
Primærfaktor | 70 m |
Koordinatar | |
Wikimedia Commons: Mount Arafat | |
Arafatberget (arabisk: جبل عرفات, Jabal 'Arafat) (også kalla Arafathøgda eller Arafatfjellet) er ein granittås aust for Mekka. Det er også kjent som Nådefjellet (Jabal ar-Rahmah). Åsen er staden der Muhammed leverte avskjedstalen sin til muslimane som hadde følgt han under hajj då livet hans nærma seg slutten. Det stig omtrent 70 m over sletta.
Området som omringar Arafatberget vert kalla for Arafatsletta. Nemninga Arafatberget vert nokre gonger brukt om både åsen og sletta. Det er ein viktig stad i islam, fordi pilegrimane brukar ettermiddagen der under hajj, på den niande dagen av Dhû l-Hijja (ذو الحجة). Å vere til stades på Arafatsletta på rett dag er avgjerande for at pilegrimsreisa skal vere gyldig. Mange pilegrimar vert verande heile natta i ei vakenatt.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Karen Armstrong (2000, 2002). Islam: A Short History. s. 11. ISBN 0-8129-6618-x Sjekk
|isbn=
-verdien: invalid character (hjelp). Sjekk datoverdiar i|dato=
(hjelp)