Hijazfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 23°0′N 41°0′E
Hijazfjella
Hejazfjella
fjellkjede
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Provins Hejaz
Høgd 2 100 moh
Koordinatar 23°0′N 41°0′E
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Hijaz Mountains

Hijazfjella eller Hejazfjella er ei fjellkjede i Hejaz-regionen vest i Saudi-Arabia. Fjella går frå nord til sør langs austkysten av Raudehavet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den vestlege kystskrenten langs Den arabiske halvøya består av to fjellkjeder, Hijazfjella i nord og Asirfjella lenger sør, med ei kløft mellom dei nær midten av kystlinja på halvøya. Frå ei høgd på 2100 moh heller fjellkjeda nedover mot kløfta til ei høgd på 600 meter over havet.

Fjella er bratte på vestsida mot Raudehavet, og dannar ei smal kystslette kalla Tihamah. Austsida er ikkje bratt og sjeldne regnfall skapar her oasar kring kjelder og brunnar i dei få wadiane som er der.

«Gullkrybba» (Mahd adh Dhahab) ligg i Hijazfjella i området mellom Mekka og Medina. Dette er den einaste kjende større gullkjelda i Arabia.

Hijazfjella vert rekna som kjelda til den eldgamle Pishonelva, som vart omtalt som ei av fire elvar tilknytt Edens hage. Dette er ein del av forskinga til Juris Zarins som plasserer Edens hage i nordenden av Persiabukta nær Kuwait.

Det inntørka elveløpet som no dannar wadien Wadi Al-Rummah og forlenginga Wadi Al-Batin vart identifisert av Farouk El-Baz i Boston University og kalla «Kuwaitelva». Dette går kring 1000 km nordaustover gjennom den saudiarabiske ørkenen og følgjer Wadi Al-Batin til Persiabukta. 'Pishon' eller 'Kuwaitelva,' og heile Hejaz-regionen, er estimert å ha tørka inn kring 2 500–3000 år sidan.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. C.A. Salabach at Focus Magazine