Arild Busterud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arild Busterud
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. januar 1948 (76 år)
Idrett friidrett

Arild Busterud (fødd 26. januar 1948) er ein tidlegare gardbrukar og friidrettsutøvar frå Løten i Hedmark som vart norsk meister 1975 og 1976 i sleggjekasting. Han er medlem i Løten Idrettslag. Busterud har vore aktiv i veteranklassar til han vart over 70 år gammal.

Busterud deltok i noregsmeisterskapen i friidrett 1967 og var aktiv på toppnivå til 1980. Åra 1971 til -73 vann han NM-medaljar i både kulestøyt og i sleggjekast. Heile tida var likevel sleggjekasting spesialøvinga. Under noregsmeisterskapane 1975 og 1976 lukkast han vinne denne øvinga, i hard konkurranse frå Arne Lothe.

Sommaren 1975 var Busterud i sitt livs beste form. 8. juni på Kongsberg sletta han den elleve år gamle noregsrekorden til Oddvar Krogh. Kastet vart målt til 66,00 meter. I juli månad flytta han rekorden til 67,14 m på Moelv den 6. Same staden tre veker seinare, 27. juli 1975, auka han til 67,84 meter. Busterud si bestenotering var norsk rekord i tre år.

Medaljar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1971Hamar: Sølvmedalje i kulestøyt, bronse i sleggjekast
  • 1972 i Stavanger: Bronsemedalje i kulestøyt og sleggjekast
  • 1973 i Trondheim: Sølvmedalje i kulestøyt og sleggjekast
  • 1974 i Hønefoss: Sølvmedalje i sleggjekast
  • 1975 i Fana: Gullmedalje i sleggjekast
  • 1976 i Askim: Gullmedalje i sleggjekast
  • 1977 i Lillehammer: Sølvmedalje i sleggjekast

Personlege rekordar[endre | endre wikiteksten]

  • Kulestøyt: 18,07 m (1973)
  • Sleggjekast: 67,84 m (1975)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]