Arrangøren Johnny Allen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arrangøren Johnny Allen
Fødd 20. september 1917
Uchee
Død

29. januar 2014

Yrke jazzmusikar, pianist, arrangør

Johnny Allen (20. september 191729. januar 2014) var ein amerikansk R&B-pianist og arrangør som arbeidde for både Motown og Stax Records og vann ein Grammy Award med Isaac Hayes for arrangementet hans på «Theme from Shaft».

Han var fødd i Uchee i Alabama, og voks opp i Chicago før han flytta til Detroit i 1936. Han var ein sjølvlært pianist og den viktigaste påverknaden hans var Earl Hines. Frå tidleg i 1940-åra arbeidde han som musikalsk leiar på Club Congo, ein nattklubb i kjellaren på Norwood Hotel, der han leia eit 12-mannsband som spelte til dans og stundom i lag med vitjande artistar som Billie Holiday og Mills Brothers.[1]

Han arbeidde først for Motown i 1959, og skreiv arrangement for mellom andre the Temptations, Stevie Wonder og the Supremes. Seinare arbeidde han for Stax, med musikarar som the Staple Singers, the Dramatics og Isaac Hayes.[1] Etter å ha arrangert strykarar og blåsarar på Hayes-albumet Hot Buttered Soul, arbeidde dei to i lag på Shaft, og i 1972 vann dei Grammyprisen for beste instrumentale arrangement for «Theme From Shaft».[2]

Allen fortsette å spele med små jazzgrupper i Detroit til han var i nittiåra. Han døydde på Henry Ford Hospital etter ein lungebetennelse, 96 år gammal.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]