Theme from Shaft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Theme from Shaft''
Singel av Isaac Hayes
frå albumet
Shaft
B-side «Cafe Regio's»
Utgjeve 30. september 1971
Innspelt 1971
Sjanger Soul, funk, disco
Lengd 3:15 (singel)
4:34 (album)
Selskap Stax

STXS-2010

Låtskrivar(ar) Isaac Hayes
Produsent Isaac Hayes
Isaac Hayes-kronologi
«The Mistletoe and Me»
(1970)
Theme from Shaft' «Never Can Say Goodbye» / «I Can't Help It»
(1971)


«Theme from Shaft» er ein song skriven og spelt inn av Isaac Hayes i 1971. Det er ein soul- og funksong som var kjenningsmelodien til filmen Shaft.[1] Temaet vart gjeve ut på singel (i ei forkorta utgåve) to månadet etter filmmusikkalbum vart gjeven ut på Stax Records-etiketten Enterprise. «Theme from Shaft» gjekk til andreplassen på Billboard Soul Singles-lista og til topps på Billboard Hot 100[2] i USA i november 1971. Songen vart òg godt teken i mot av det meir vaksne publikummet og nådde sjetteplassen på Billboard's Easy Listening-liste.[3]

Året etter vann «Theme from Shaft» Oscarprisen for beste song,[1] og Hayes vart den førte afroamerikanaren som vann ein Oscarpris i ein klasse utanom skodespelarklassane. Sidan den gongen har songen blitt brukt i mange fjernsynsshow, reklamar og andre filmar, som oppfølgjaren Shaft i 2000, der Hayes spelte inn songen på ny.[4][5] I 2004 vart originalen sett på 38. plassen på lista til amerikansk filmindustri over dei 100 beste filmsongane dei siste 100 åra.

Komposisjon og historie[endre | endre wikiteksten]

I 2000 fortalte Hayes til National Public Radio at han først hadde gått med på å skrive og spele inn Shaft-musikken etter at Shaft-produsent, Joel Freeman, lovde han ei prøvespeling for hovudrolla i filmen. Han fekk aldri høvet til dette, men heldt likevel sin del av avtalen.[6] Regissøren Gordon Parks hadde òg ei hand i komponeringa av temaet, og skildra karakteren John Shaft («black private dick/who's a sex machine/to all the chicks») for Hayes og forklarte at songen måtte la publikum få bli kjend med karakteren. Hayes spelte inn rytmepartiet for temaet først, og laga så musikken til resten av filmen, før han kom attende til temasongen.[6]

Songen byrjar med Willie Hall som spelar hi-hat med 16-delsnotar. Dette kom frå ein break i Otis Redding-songen «Try A Little Tenderness», ei innspeling for Stax som Hayes hadde spelt på.[6] Introen er òg kraftig basert på gitaren til Charles Pitts, som nyttar ein wah-wah-effekt, som var vanleg i 70-tals funk. Riffet hadde opphavleg blitt skriven for ein uferdig Stax-song. Synthesizeren vert spelt av Hayes. Sjølv om den nedkorta singelversjonen varer introen meir enn eitt og halvt minutt før vokalen kjem inn. Arrangementet vart laga av Hayes og Johnny Allen.

Teksten skildrar den kule John Shaft og motet og tiltrekkingskrafta hans, og vokalen til Hayes vert ledsaga av ein trio av kvinnelege koristar. På eit punkt i songen kallar Hayes Shaft «a bad mother—;» før korsongarane (ei av dei er Telma Hopkins frå Tony Orlando & Dawn) avbryt han med linja «Shut yo' mouth!» Hayes forsvarar seg sjølv raskt og svarar «I'm talking about Shaft», og koristane svarar «We can dig it.» Andre kjende passasjar er «You're damn right!» av Hayes og «He's a complicated man/but no one understands him/but his woman/John Shaft.» Ordet «damn» gjorde songen til den første med eit bannord som nådd toppen av Billboard Hot 100.

Songen vart rekna som særs pikant for si tid og så seint som i 1990 meinte sensurfolket i Fox Network at songen var for risikabel til å spelast på The Simpsons (før det vart poengtert at songen alt var blitt spelt på fjernsyn før).[7]

Songen var ikkje meint som singel, men suksessen til filmen og populariteten til songen på nattklubbane førte til at han vart gjeven ut på Enterprise Records to månader etter albumet kom ut. I løpet av to månader låg songen på toppen av Billboard Hot 100, der han låg i to veker.[4] Singelen nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart. [1] Songen hadde enorm innverknad på disco- og soul det tiåret.[6]

I 1972 framførte Isaac Hayes «Theme from Shaft» som ein del av Oscarutdelinga. Han hadde på seg den kjende ringbrynja han var kjend for, men tok seinare i mot prisen for songen ikledd smoking.[4] Han dediserte sigeren til bestemora si, Rushia Wade, som var med han på scenen for å ta i mot prisen.[8] Etter Oscarutdelinga dediserte Hayes, Jesse Jackson og dei tilsette på Stax sigeren til det svarte samfunnet under eit møte for Operation PUSH.[8]

Seinare det året framførte Hayes «Theme from Shaft» under konserten Wattstax i Los Angeles [9] Filmklipp frå denne framføringa vart filman i dokumentarfilmen til Mel Stuart om konserten, men vart kutta på grunn av opphavsrettsproblem med MGM, som ikkje tillet Hayes å bruke songane frå Shaft i andre filmar før 1976. I 2003 vart ein nymastra versjon av Wattstax gjeven ut med framføringa til Hayes av «Theme from Shaft».[9]

John Singleton regisserte ein oppdatert versjon av Shaft, med Samuel L. Jackson, i 2000, spelte Hayes inn temaet på ny for filmen.

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Songen har blitt spelt og parodiert i fleire fjernsynsshow som The Fresh Prince of Bel-Air, The Simpsons, Sesame Street, Scrubs, The X-Files, Mystery Science Theater 3000, Father Ted, The Adventures Of Jimmy Neutron: Boy Genius, Histeria!, The Wire og Ashes to Ashes. Komedien UHF (skriven av og med «Weird Al» Yankovic) inneheld ein falsk trailer som parodierer filmen Gandhi kalla Gandhi II, sett til musikk som liknar på Shaft-temaet. Songen er òg nytta i mange reklamefilmar, mellom anna for Burger King. Hayes parodierte sjølv «Theme from Shaft» med «Two Cool Guys», opningstemaet til filmen Beavis and Butt-head Do America. I serien Two and a Half Men er det fleire referansar til songen.

Sidan tidleg i 1970-åra SVT i Sverige sine sportssendingar på søndagar, Sportspegeln, nytta forskjellige variasjonar av slutten på «Theme from Shaft» som kjenningsmelodi. Omtrent dei same klippa har blitt nytta for dei daglege sportssendingane Sportnytt [10]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar og samplingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 136. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 249. 
  3. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 112. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Douglas Wolk (2005). «The Greatest Songs Ever! Theme from Shaft». Blender. Henta 16. august 2016. 
  5. Alex Pappademas (2000). «Shafted: The baddest «theme from» ever.». Boston Phoenix. Henta 16. august 2016. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 NPR, «The NPR 100,» December 21, 2000. Radio program. Archived at [1]. Henta 16. august 2016.)
  7. Al Jean. (2002). The Simpsons: The Complete Second Season, «One Fish, Two Fish, Blowfish, Blue Fish» commentary track. [DVD]. Twentieth Century Fox Home Entertainment. 
  8. 8,0 8,1 Bowman, Rob (1997). Soulsville U.S.A.: The Story of Stax Records. New York: Schirmer Trade. p.229-233 ISBN 0-8256-7284-8
  9. 9,0 9,1 Bowman, Rob and Chuck D (2004). Audio commentary track for Wattstax. Los Angeles: Saul Zaentz Company and Warner Bros. Entertainment, Inc.
  10. https://www.youtube.com/watch?v=_MVRmMgJY7Q

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]