Arremon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arremon


Safrannebbsporv, Arremon flavirostris, i Piraju, São Paulo, Brasil Foto: Dario Sanches
Safrannebbsporv, Arremon flavirostris, i Piraju, São Paulo, Brasil
Foto: Dario Sanches
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Passerellidae
Slekt: Arremon
Vitskapleg namn
Arremon

Arremon er ei biologisk slekt av nokså einsarta kjerrsporvar som lever i utkanten av våt, alpin skog ved foten av høgare fjellområde i neotropane. Dei beitar på bakken, og ofte under tett vegetasjon. Dei er medlemmar av amerikasporvfamilien, Passerellidae.

Svartkronesporv, Arremon abeillei
Foto: Francesco Veronesi
Brunissekjerrsporv, Arremon brunneinucha
Foto: Simon Pierre Barrette

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er 19 middels store til store, kraftig bygde kjerrsporvar, omtrent halvparten av artane er rundt 15 centimeter i kroppslengd, dei andre er typisk 19 cm. Fjørdrakta viser variasjonar over eit felles tema blant mange av artane: olivengrøn overside, lysare grå underside, iaugefallande kvit strupe, svarte kinn, ei framtredande kvit, grå eller grøn augebrynstripe (supercilium) av varierande lengd og breidde. Nokre artar har ei sentral kvit eller grøn sentral stripe på eit elles svart hovud. Sentralstripa er utvikla til raudbrun krone hos brunissekjerrsporv. Mange har dessutan eit distinkt svart band eller ein krage som skil strupeområdet frå brystet. Nebbet er svart, unntaka er hos sadelsporv, oransjenebbsporv og safrannebbsporv. Kastanjekronesporv og kvitskjeggsporv var tidlegare klassifiserte i ei eiga slekt Lysurus, og desse to har størst avvik i fjørdrakt frå andre Arremon-artar ved at dei er mørkare, undersida meir som oversida og dei manglar kvit strupe og krage. Også svartkronesporv manglar dei iaugefallande teikningane på hovudet. Nokre få artar syner litt kjønnsdimorfisme i fjørdrakt ved at hofuglar har noko avdempa kontrastar i farger.

Leveområdet for artane i slekta Arremon er samla sett frå Mexico i nord og sørover gjennom Mellom-Amerika inn i Sør-Amerika til sørlegaste Brasil, og til Paraguay og Argentina, men ikkje inn i Chile. Nokre einskilde artar har svært avgrensa utbreiingsområde, t.d. er arhuacokjerrsporv (Arremon basilicus) endemisk til Sierra Nevada de Santa Marta i Colombia. Grønkronekjerrsporv er endemisk til Mexico og Arremon phygas, Paria Brushfinch, er endemisk til Venezuela.

Nokre artar, som i sørlege Brasil, lever lågt, frå havnivå til 1500 moh., men andre som Arremon assimilis i Colombia og Venezuela, kan gå opp til 3600 moh. Alle artar i slekta er standfuglar. Habitata er skogkledde, ofte helst i utkanten av våt, alpin skog. Dei har fråvære frå typisk tropisk regnskog. Dei beitar på bakken, gjerne i nedfallslauv under tett vegetasjon. Lite er kjent om føda, men truleg er det insekt og frø.

Songen for nokre artar er skildra som sett saman av snøgge, høgfrekvente kvislelydar, og eit skarpt og kort varsellæte.

Fem av dei 19 artane er rekna som sårbare eller nær truga av IUCN, medan de andre har status som livskraftige.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Arremon i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Costaricakjerrsporv, Arremon costaricensis, Costa Rican Brushfinch, Bangs, 1907, (UR)
  • Arhuacokjerrsporv, Arremon basilicus, Sierra Nevada Brushfinch, Bangs, 1898, (UR)
  • Perijakjerrsporv, Arremon perijanus, Perija Brushfinch, Phelps, Sr and Gilliard, 1940, (UR)
  • Svarthettekjerrsporv, Arremon atricapillus, Black-headed Brushfinch, Lawrence, 1874, (UR)
  • Mirandakjerrsporv, Arremon phaeopleurus, Caracas Brushfinch, Sclater, 1856, (UR)
  • Kortbrynkjerrsporv, Arremon phygas, Paria Brushfinch, Berlepsch, 1912, (UR)
  • Gråbrynkjerrsporv, Arremon assimilis, Gray-browed Brushfinch, Boissonneau, 1840, (UR)
  • Kvitbrynkjerrsporv, Arremon torquatus, White-browed Brushfinch, Lafresnaye & D'Orbigny, 1837, (LC)
  • Oransjenebbsporv, Arremon aurantiirostris, Orange-billed Sparrow, Lafresnaye, 1847, (LC)
  • Svartkronesporv, Arremon abeillei, Black-capped Sparrow, Lesson, 1844, (LC)
  • Sadelsporv, Arremon schlegeli, Golden-winged Sparrow, Bonaparte, 1851, (LC)
  • Gulknokesporv, Arremon taciturnus, Pectoral Sparrow, Hermann, 1783, (LC)
  • Caatingasporv, Arremon franciscanus, Sao Francisco Sparrow, Raposo, 1997, (NT)
  • Svartflekksporv, Arremon semitorquatus, Half-collared Sparrow, Swainson, 1837, (LC)
  • Safrannebbsporv, Arremon flavirostris, Saffron-billed Sparrow, Swainson, 1838, (LC)
  • Grønkronekjerrsporv, Arremon virenticeps, Green-striped Brushfinch, Bonaparte, 1855, (LC)
  • Brunissekjerrsporv, Arremon brunneinucha, Chestnut-capped Brushfinch, Lafresnaye, 1839, (LC)
  • Kvitskjeggsporv, Arremon crassirostris, Sooty-faced Finch, Cassin, 1865, (LC)
  • Kastanjekronesporv, Arremon castaneiceps, Olive Finch, Sclater, 1859, (NT)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Arremon